Emil Hareide og det norske futsallandslaget for døve er for tida i Thailand der dei spelar VM. På førehand sa Hareide at han håpte laget skulle kunne vere godt nok til å vinne gruppa, men så langt har ikkje resultata gått det norske laget sin veg.

I opningskampen mot Algerie blei det 5-1 tap, etter at laga hadde vore like langt på 1-1 ved pause. Deretter spelte laget mot Sveit, og då tok Norge leiinga etter 15 minutt ved Kristian Rugseth. Dessverre kom Sveit tilbake og scora ein gong i kvar omgang, og dermed enda også denne kampen med norsk tap.

Sundag var Norge i aksjon mot Russland, og som i dei to første kampane enda det med tap. Russland scora to mål i kvar omgang, medan Norge berre fekk med seg det eine før pause. Emil Hareide hadde to skot på mål, men ingen av dei gjekk inn.

No har det norske laget ein dag pause før dei tek til på dei to siste kampane i gruppespelet.

Tysdag møter Norge Iran, før dei onsdag er klare for å møte Japan.