Amalie Hong Hansen Koppen deltok i helga i sitt første Taekwondo-NM. Det vart arrangert i Stjørdal, og 13-åringen frå Hareid imponerte i sitt første norgesmeisterskap.

Torill Hansrud i Hareid kampsportklubb fortel at Hansen Koppen sikra seg finaleplass etter ein sterk 22-3 siger i semifinalen.

Til slutt enda Amalie Hong Hansen Koppen med ei flott sølvmedalje i sitt første NM.

- Amalie gjorde ein super innsats. Hareid kampsportklubb er stolte og gratulerer, fortel Torill Hansrud.