Tysdag føremiddag vart Hødd sin nye trenar, Hans-Erik Eriksen, presentert under ei pressekonferanse på Høddvoll. Den tidlegare Follo-trenaren gler seg til å ta fatt på jobben med å leie Hødd, og har signert ei toårskontrakt med klubben.

– Eg er veldig spent, og det er ei god kjensle. Ein tenkjer at dette er eit stort steg og at det er ei stimulerande utfordring som eg er veldig klar for å gå i gang med. Samstundes veit vi at det er mykje godt arbeid som står att før vi har fått fart i den retninga vi skal.

Sidan 2009 har Eriksen vore hovudtrenar i Follo, og han seier at det naturlegvis var vemodig å avslutte det kapittelet i trenarkarrieren.

– Follo FK er utruleg nært meg og alle spelarane eg har hatt med meg, og trenarane eg har jobba saman med har gitt med ei vedunderleg periode i livet mitt. Eg er veldig takknemleg for den tida eg har vore i Follo, seier Eriksen.

Ligg til rette for meir

I Follo har Eriksen tre gongar trent laget til opprykk til 1.-divisjon, men alle tre gongane har laget vore tilbake på tredje nivå etter ein sesong. Med overgangen til Hødd trur Eriksen at han kjem til ein klubb med eit meir stabilt fundament.

– Ja, med summen av kontinuiteten og kvaliteten som allereie er i klubben og har vore her ei stund, tradisjonane og historia til klubben. Hødd er ein klubb som har brote seg gjennom eit tøft terreng på eiga hand, og dermed opparbeida seg ei stolt og imponerande historie. I tillegg har ein eit anlegg her som legg grunnlaget for vidare utvikling. Summen av det gjorde at det blei ei enkel avgjerd å ta som fotballmann. Her ligg alt til rette for ytterlegare vekst. Det er ikkje så mange norske klubbar som kan seie det, at dei har bygd seg opp av seg sjølv og at det ligg til rette for endå meir.

Eriksen meiner Hødd er ein klubb som skil seg ut i norsk fotball.

– Eg er audmjuk og stolt over å få det tillitsvervet det er å ta denne klubben vidare, seier Hødd sin nye trenar.

I Hødd skal Hans-Erik Eriksen samarbeide mellom anna med førstelagstrenar Steinar Lein.

– Eg har hatt eitt møte med Steinar, men kjenner også litt til han frå tidlegare. Det du merkar veldig tidleg er at han er ein fotballmann. Han kan faget og er veldig dedikert i den jobben han har, så det vil heilt sikkert vere ein god match. Han har også kunnskap om spelargruppa og klubben som eg ikkje har, og vi har mykje å lære av kvarandre, trur Eriksen.

Vil ha fleksible spelarar

Med den nye trenaren på plass byrjar også jobben med å få på plass spelarane som skal utgjere Hødd sin A-tropp i 2016.

– Det er noko vi må få på plass saman med dei som er her og som veit kva som har vore og kanskje kva ein har bruk for. Eg er også ein fyr som følgjer godt med, og som kjenner Hødd godt, både gjennom to møter med dei, men også gjennom andre kampar eg har sett. Det er nokre spelarar på utgåande, nokre som er med vidare og så skal vi saman finne dei rette typane som passar inn i måten vi tenkjer at vi skal spele fotball på. Det vil krevje nokre ferdigheiter, men vi får sjå på heilskapen først og sjå kvar hola er. Vi skal heilt sikkert få eit slagkraftig lag som skal angripe både på Høddvoll og når vi reiser ut for å spele borte.

Kva kjenneteiknar ein spelar som passar inn i dine lag?

– Ein fellesnemnar er fleksibel. Ein spelar må vere taktisk fleksibel og kunne handtere fleire fasar i spelet, kunne vere litt roterande i posisjonar og ha ein ekstrem vilje til å vinne. Det vil også vere litt rollespesifikt i forhold til kva krav som blir stilt til spelarane, men først og fremst handlar det om fleksible spelarar som er kompetente til å justere seg mot det uventa, seier Eriksen.

Vil angripe

Og med ein tropp med fleksible spelarar skal den tidlegare Follo-trenaren prøve å implementere deler av det som har fått fotballnorge til å få opp auga for Hans-Erik Eriksen og hans ”Follolona”.

- Vi ønskjer eit Hødd-lag som finn ein vinnande måte å spele fotball på. Vi trur på å angripe og vi trur at for å kunne angripe så må ein ha ballen. Mykje. Det skal inn her også, og det er ikkje heilt ukjent, men det kan hende vi tek det til ein ny dimensjon. Samstundes skal vi vere klare over dei styrkane som er i Hødd, og som har teke klubben til den posisjonen klubb er i. Det må vi ha med inn i eit vinnande lag. Vi skal finne det beste frå kvarandre og få det til å bli ein Hødd-måte å spele fotball på, som forhåpentlegvis er ein vinnande måte å spele fotball på.

Hødd sin nye trenar skal flytte til Ulsteinvik i januar, men fortel at det til å byrje med blir på eiga hand.

– Foreløpig blir Kristina, Albert og Elmer heime og så får vi frekventert reiseruta nok til at vi får sett kvarandre så mykje som mogleg. Deretter får vi ta ei vurdering til sommaren på om dei følgjer etter eller ikkje, fortel Eriksen. Trenaren har signert ei toårskontrakt med Hødd, og det meiner han gir eit realt utgangspunkt, både for han og for klubben, og at det skal vere nok tid til å både bygge og vinne.

Du får nok tid til å sette ditt preg på laget?

– Ja, den jobben byrja for eit par dagar sidan, smiler Eriksen.

Denne sesongen tok Hødd seg til kvalifisering etter ein 4.-plass i Obos-ligaen. Hans-Erik Eriksen vil vere med på å gjere Hødd betre.

- Hødd skal bli betre. Det kjem vi til å jobbe mot kvar einaste dag, og så må vi finne den rette måten å jobbe på og sånn sett finne vegen til det vinnande laget. Hødd tilhøyrer det øvste sjiktet i Obos-ligaen synest eg. Minimum. Intensjonen er klar på akkurat det, avsluttar Eriksen.