Måndag vart det klart at Hans-Erik Eriksen, ein av dei heitaste kandidatane til å ta over den ledige jobben som Hødd-trenar etter Sindre Eid, vart ledig på marknaden. Eriksen takka nei til eit tilbod om å forlenge kontrakten sin med Follo, som han har leia som hovudtrenar sidan 2009.

Eriksen har tidlegare stadfesta at han har vore i samtalar med Hødd, og trenaren har besøkt Ulsteinvik i løpet av dei siste vekene.

Tysdag kallar Hødd inn til pressekonferanse på Høddvollhuset, og dermed kan det sjå ut til at trenarspørsmålet vil få eit svar.

Vi følgjer pressekonferansen frå Høddvoll, og oppdaterer med dei viktigaste hendingane frå den.

Hans-Erik Eriksen er Hødd sin nye hovudtrenar dei to neste åra.

- Vi er veldig glade for at vi har fått til dette, seier Bård Dalen. Styreleiaren legg til at Eriksen er ein trenar som kan å bygge lag, og at Hødd synest dei har funne ein veldig spanande trenar.

- Vi håpar Hødd er ein plass der også han kan utvikle seg vidare. Vi er glade for at vi signerer trenar i november, det lovar bra for arbeidet vi skal gjere framover, seier Dalen.

- Eg er veldig glad og takknemleg for å få moglegheita til å vere trenar i ein klubb som eg ser har kome veldig langt med gode krefter. Det er spanande å skulle vere med på å utvikle ting vidare. Prosessen har vore super og eg har fått eit veldig godt inntrykk av klubben, seier Eriksen sjølv.

- Hans-Erik er ein vi har fått veldig god kjemi med, og vi har fått veldig gode referansar. Vi har latt oss imponere over måten laget hans har framstått på. Han har fått mykje ut av laget. Vi tenkjer at det er viktig med folk som jobbar godt saman. Hans-Erik er ein slik som er flink til å få med andre, seier André Nevstad.

- Vi har eit godt fundament for å gjere ein god jobb i dag. Eg er veldig glad for at vi sit her med Hans-Erik i dag. Vi jobbar steinhardt for å nå måla våre, og det har Hans-Erik gjort i Follo også, seier Nevstad.

Les også: Ung, ambisiøs og interessant

Følg med utover dagen for fleire reaksjonar og intervju med Hødd sin nye trenar.