Haugesunds avis skriv tysdag at Hødd sin førstelagstrenar Steinar Lein kan vere på veg tilbake til Vard Haugesund. Lein har tidlegare vore trenar i klubben, men fekk sparken våren 2013.

No kan han altså vere på veg tilbake til Haugesund, der Lein sin familie framleis bur. Steinar Lein vart tilsett i Hødd våren 2014 og har framleis to år igjen på kontrakta si i Hødd.

- Vi er kjende med at Vard har vist interesse for Steinar og har gitt tillatelse til at dei kan snakke med han, seier Bård Dalen ifølgje Haugesunds avis.

Ifølgje avisa er Vard framleis i ein kartleggingssituasjon og det er ikkje klart om Steinar Lein vil bli tilbudt jobben som hovudtrenar i 2.-divisjonsklubben. Per i dag er Lein den einaste frå årets trenarteam som har kontrakt vidare. Tysdag vart Hans-Erik Eriksen tilsett som ny hovudtrenar i Hødd.

- Steinar blir i Hødd

Hødd sin sportssjef André Nevstad dementerer onsdag kveld at Lein kan vere på veg tilbake til Haugesund, og fortel at Hødd ikkje kjenner seg igjen i artikkelen frå Haugesunds Avis.

- Steinar har to år igjen av kontrakten sin med Hødd og er ein svært viktig mann for oss. Steinar har gjort ein kjempejobb dei to siste sesongane, og skal jobbe tett saman med Hans-Erik Eriksen dei komande åra. Vi er veldig godt nøgde med å ha Steinar i Hødd, og det har Vard fått beskjed om, skriv Nevstad i ein SMS til Vikebladet Vestposten.

Han slår fast at Steinar Lein blir i Hødd og er i full gang med arbeidet inn mot 2016-sesongen.