Det var nok mange Hødd-supportarar som frykta at ein av laget sine beste spelarar sist sesong kom til å forsvinne. No er det eit faktum, Ole Amund Sveen signerte onsdag ein kontrakt med Sogndal, og blei teke godt i mot av sportsleg leiar Håvard Flo.

– Me har alltid hatt sansen for Ole Amund, og no var situasjonen rett for å henta han hit. Han har bra med erfaring frå toppfotballen, og er ein fin type som er oppteken av profesjonalitet i kvardagen. Han er eit fint tilskot til gruppa vår, og er ein spelar me ventar oss mykje av, seier sportsleg leiar Håvard Flo til Sogn Avis.

Ønskjer å takke Hødd

Sveen gjekk til Strømsgodset frå Raufoss som 21-åring, men gjekk vidare til HamKam på lån grunna lite speletid. I Hødd har derimot karrieren til midtbanemannen skote fart igjen, krona med ein særs god andre sesong i Hødd-drakta. 25-åringen har vore på blokka til Sogndal lenge, og no var tida inne for Sveen å prøve seg på øvste nivå i Norge. Sveen går til Sogndal som bosman-spelar.

Sveen var klar på at han skuldar Hødd mykje, og ønskjer å takke gamleklubben-

– Tida i Hødd betydde ekstremt mykje for meg, så eg må takka dei for måten dei behandla meg på. Dei er flinke til skapa ei god treningsgruppe der oppe, ved å henta spelarar som vil bli betre. Dei er utviklingsorientert, og flinke til å få mykje ut av lite. Mykje det same som her i Sogndal, seier Sveen til Sogn Avis.