Laurdag starta den første av to fartsfylte dagar i Ulsteinhallen, der Dimna IL denne helga arrangerer friidrettsstemnet Sparebanken Møre-leikane.

I løpet av laurdagen har utøvarar frå 6-7-årsalderen til 18-19-åringar tevla i høgdehopp, kulestøyting, lengdehopp, stavsprang og springing - som inkluderte distansane 60-meter (med og utan hekk), 200-meter og 800-meter.

- Heilt greitt

Ei av utøvarane, som tevla i J13-klassa, var Malene Skaar Berg frå Dimna IL. Ho var måteleg nøgd med dagen sin, og fekk mellom anna med seg ein gullmedalje frå stemnet.

- Det har gått heilt greitt. Nokre av øvinga gjekk ganske bra, men så var det nokre øvingar som ikkje gjekk heilt som eg ville, forklarar Berg, og utdjupar:

- Stavsprang gjekk heilt greitt, og så vant eg høgdehoppet. På 60-meteren gjekk det litt for treigt, medan det ikkje blei så veldig bra på lengdehopp.

Berg blir ikkje med på dag to av stemnet, ettersom ho då skal spele ein handballkamp, som då ville ha kollidert med øvingane.

Håper på pallplasseringar

Ein annan utøvar som var i sving laurdag ettermiddag var Dimna-sprintaren Jonas Andre Ose, som konkurrerer G13-klassen. Han utkonkurrerte dei andre deltakarane på 60-meteren, sjølv om ein utøvar frå G14-klassen sprang i det same løpet.

- Eg synest det gjekk kjempebra. Eg hadde eigentleg ikkje trudd det, men det er artig, seier ein smørblid Ose om å ha spurta ifrå dei andre.

Sprintaren sine målsettingar under dette stemnet er i hovudsak å varme opp godt, vere fokusert og gjere det han skal. For han er heilt sikker på kva han vil unngå i 2016-sesongen:

- Eg håper det går bra og at det ikkje blir så mykje skadar. Eg trur og håper det skal gå bra, seier han.

Det han derimot vil i 2016, er å vere med å kjempe om medaljar i kvart einaste løp.

- Eg håper det blir pallplassering kvar gong, seier ein offensiv Ose, som legg til at det er 60m, 100m og 200m som er hans beste øvingar.