Gutane fødde i 2003 er det tredje laget i Hødd Handball som signerer avtale om å vere eit MOT-lag. Gjennom programmet MOT i fritid er trenaren deira, Oline Botnen, skulert som såkalla MOTivatør. Den fire timar lange skuleringa har fokus på MOT sine kjerneverdiar mot til å bry seg, å leve og seie nei. Botnen har også fått nokre verktøy som ho kan bruke i jobben som trenar.

Ho vart skulert for ei tid tilbake, men det er først no laget hennar er gamle nok til å vere eit MOT-lag.

- Dette har eg gleda meg til. MOT står for verdiar eg synest er viktige. Særskild det at vi skal bry oss om kvarandre og ha mot for å stå for den vi er. Det at vi er ulike er bra, og noko vi skal respektere kvarandre for, seier Botnen.

Inkluderande miljø

Handballtrenaren jobbar for eit miljø der gutane gir kvarandre ros og støtte. Slik håpar ho å byggje eit godt lag der alle gutane får god sjølvtillit og har det kjekt.

- Vi håpar også at dette viser igjen i møte med andre lag, legg ho til.

MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein – «Lokalsamfunn med MOT» er ikkje i tvil om at Oline Botnen og hennar lag passar godt som MOT-lag.

- I fjor vart Oline nominert av sine eigne gutar i kåringa «Årets trenarførebilete» der ho kom heilt til superfinale, og vart nummer to. Gutane på laget nominerte henne mellom anna fordi ho er god til å sjå kvar enkelt og inkludere alle i gruppa, fortel MOT-koordinatoren.

Eit lokalsamfunn med MOT

MOT er godt forankra gjennom skuleprogrammet ved Ulstein ungdomsskule, i tillegg til programmet «Ungdom med MOT» der 7. klassingane i kommunen får besøk. MOT jobbar for og saman med ungdom i alderen 12-25 år. MOT-koordinatoren håpar å få med enda fleire aktive medspelarar gjennom programmet «MOT i fritid».

- MOT-verdiane er like viktige på fritida som i skuletida. Vi jobbar for eit heilt lokalsamfunn med fokus på dei gode verdiane MOT står for, understreker Flatin.

Ønskjer fleire MOT-lag velkomen

Kven som kan bli aktive medspelarar gjennom MOT i fritid?

- Det er sjølvsagt ikkje kven som helst. Det må vere eit lag som ønskjer å bli det, med ein trenar eller leiar som etter beste evne etterlever MOT sine gode verdiar, held Flatin fram.

Ungdommar som meiner dei har ein slik leiar, og som ønskjer å vite meir om kva det inneber å bli ein del av Ulstein sitt MOT-lag: - Ta kontakt med meg, oppmodar MOT-koordinatoren.

Ho understrekar at det å bli med som aktive medspelarar ikkje kostar noko økonomisk.

- Det er heller ikkje berre for idrettslag, men også for andre typar organisasjonar der ungdommar er med, avsluttar Flatin.

Kort om MOT i fritid

- eit tiltak for positiv kultur- og verdibygging på ungdommane sine fritidsarenaer.

- trenaren/leiaren for laget/foreininga brukar MOT til å forsterke sitt haldningsskapande arbeid mellom ungdom.

Les meir om MOT: www.mot.no