- Det å miste gode fotballspelarar er alltid utidig, ein ønskjer å ha eit så godt fotball-lag som mogleg og best mogleg spelarar. Fredrik har vore ein veldig god og veldig viktig spelar for oss heilt sidan han kom. Samstundes er dette noko av det som Hødd skal og har vore gode på. Spelarar skal kunne ta nye steg og utvikle seg vidare på eit endå høgare nivå. Fredrik har spelt fire sesongar i Obos-ligaen og viste ein veldig lojalitet då han signerte ny kontrakt med oss sommaren 2014, fortel sportssjef og dagleg leiar i Hødd, André Nevstad.

Han legg til at Hødd ikkje har hatt nokon intensjon om å tvinge Aursnes til å fullføre den kontakta, men at klubben i staden har hatt god dialog med spelaren rundt den interessa som har blitt vist Aursnes.

- Vi har hatt ein klar avtale om at når det dukka opp ting som var interessant og spanande, så skulle vi ha gode pratar om det. Overgangen kunne sikkert skjedd i sommar, men så lenge vi låg godt an og kjempa om eit opprykk, så valte både vi og Fredrik å vente. Fredrik har brukt tid på å finne ut kva han ville gjere, og vi er veldig glade på hans sine vegner. Han går til ein stor og flott klubb, som er ute i Europa og der han vil få moglegheita til å utvikle seg vidare.

Les også: Fredrik Aursnes er klar for Molde

Nevstad seier det er ei fjør i hatten for Hødd at ein ny spelar tek steget opp til ein større klubb etter å ha utvikla seg til ein god fotballspelar i Hødd.

- Vi har vore klare over at dette ville skje etter sesongen, og eg trur mange var klar over at tida var inne for at Fredrik skulle få nye utfordringar, så no har det handla om å få avklart ein del av dei tinga som har vore litt i lause lufta, funne fram til gode løysingar saman og så handlar det no om å bruke desember til å få på plass store deler av den stallen vi skal ha i 2016.

Sportssjefen fortel at Hans-Erik Eriksen, som sist veke vart tilsett som ny Hødd-trenar, har fått brukt den første veka etter tilsettinga mellom anna til å snakke godt med Steinar Lein om stallen Hødd har hatt, og at fokuset framover vil vere på det som skal inn i troppen.

Går ikkje inn på overgangssum

Sommaren 2014 signerte Fredrik Aursnes ein ny avtale med Hødd, og han hadde framleis to sesongar att på kontrakten då avtalen med Molde blei klar. Det betyr truleg at Molde må ut med ein solid sum for å sikre seg 19-åringen, men Nevstad vil ikkje gå inn på detaljar kring overgangssummen.

- Vi er einige med Molde om å ikkje gå ut med noko rundt akkurat det, men det er ein avtale som vi synest er bra, og som også har både ein kortsiktig gevinst for oss, og ein meir langsiktig dersom Fredrik skulle gjere det veldig bra, slik at vi også sit på rettar i forhold til eit eventuelt vidaresal. Vi har fått ein avtale som vi synest er bra og vi er glade for at Fredrik er nøgd med sitt val.

Og medan Hødd tener på salet av Aursnes, vil overgangen til Molde også ha positive ringverknadar for spelaren sin moderklubb Hareid.

- Det er også veldig gledeleg, at dei får ein gevinst ut av det som skjer no. Det er kjekt for ein lokal klubb å få att noko for ein spelar som var i Hareid i mange år før han kom til Hødd, seier Nevstad.

Vil lukkast i Molde

Sjølv gjekk også Nevstad i si tid frå Hødd til Molde, og sportssjefen trur Aursnes kan ha gjort eit god val med sin nye klubb.

- Det viktigaste er at Fredrik synest han har gjort eit god val, men eg trur også at ting ligg veldig godt til rette i Molde, og det er ein klubb som har vore veldig flinke til å få inn spelarar i den kategorien Fredrik er i, og til å utvikle dei vidare. Dei har gjort det godt i Europa League i år, har imponert der, og vi veit at det er ein klubb som er i stand til å utvikle spelarar vidare og som heilt sikkert vil vere eit topplag i Tippeligaen neste år. Det blir spanande å følgje Fredrik vidare. Han kjem til ein ny kvardag og får testa ut det potensialet han har og kan utvikle seg dei komande åra og ta nye steg. Eg er overbevist om at han vil kunne lukkast i Molde, seier Nevstad.

Kjøper ikkje dyrt

Sjølv om Hødd no får inn ein solid slump pengar for Fredrik Aursnes, kan ein neppe vente at klubben kjem til å gå amok på overgangsmarknaden.

- Vi vil heilt sikkert ikkje gå ut og kjøpe inn dyre spelarar til Hødd. Vi må hente inn spelarar som vi trur har moglegheita til å kunne blomstre i Hødd og kunne utvikle seg vidare. Vi har også ein del spelarar på utgåande kontrakt, der vi må få avklare situasjonen. I tillegg har vi nokre spanande juniorar som ein må ta med.

Nevstad legg likevel ikkje skjul på at Hødd skal hente inn nye spelarar utanfrå.

- Det handlar om å få inn dei rette typane, som kan gå inn og styrke laget. Vi må ha spelarar som er svoltne, vil ta nye steg og som vil kunne trivast i Hødd, men nokon dyre spelarkjøp er ikkje vår strategi, fortel Nevstad.