Sjølv om det ikkje enda med siger mot Sykkylven/Stranda for Hareid i førre heimekamp, var dei ikkje misnøgde med prestasjonen. Tysdagens oppgjer mot Ålesundslaget Aksla var derimot ei anna historie.

Gjestene tok kjapt leiinga, og derfrå og ut var det nesten einvegskøyring i Hareidhallen.

- Før kampen var vi einige om at dette ikkje var ein kamp som vi skulle vinne; det visste vi. Samtidig var dette ein kamp vi skulle prøve nye ting, men det vart vanskelig å prøve trekka våre når vi møtte eit så godt lag og dei ligg ute i 5-1-formasjon. Då fekk ikkje vi brukt potensialet vårt, oppsummerer vikarierande lagleiar June Skeide Bergseth.

Pasningsslurv

Eit svært effektivt bortelag hamra inn mål bak Line Kvalsund og Oline Ertesvåg, medan raudtrøyene sleit med å få spelet sitt i gang. I løpet av dei første elleve minutt var dei svartkledde frå Aksla oppe i ei solid 13-3-leiing, og til pause hadde dei auka leiinga til heile 26-9.

Bergseth synest kampen vart prega av at slurv førte til litt for mange baklengsmål.

- Det som går gale er at dei braut i forsvar og vi vart kontra. Vi tapte mykje i angrep på at det er mykje slurv i pasningane våre; vi spelte ikkje kvarandre gode, forklarar Bergseth, og legg til:

- Det vart veldig mange mål imot på kontring, og då vert ein fort svake.

Håpte på under 50

Bergseth er klar på at ho er nøgd med at laget klarte å score femten mål mot Aksla:

- Det hadde eg ikkje forventa, seier ho optimistisk. Samstundes erkjenner ho at det er tøft å sjå over 50 mål gå inn feil veg.

- Eg sat og håpte på at det ikkje skulle bikke 50, fordi det er tungt for jentene. Men vi tek tap og vinn med same sinn, småflirar Bergseth.

- Men det er tungt å tape med slike tal og det skal det vere, er Bergseth klar på.

KAMPFAKTA

4.-divisjon handball kvinner:

Hareid - Aksla 15 - 51 (9-26)

Tominuttarar: Hareid – 1, Aksla – ingen.

HAREID: Line Kvalsund, Sara Bigset (1), Sunniva Liaset (2), Susanne Bigset (1), Iselin Klungsøy (4), Lene Mari Andresen (1), Marte Giske (1), Maria Slettebakk (3), Oline Ertesvåg, Marte Rise (2)