Denne hausten vart det klart at Kenneth Moldskred ikkje kjem til å halde fram som ansvarleg for rekruttavdelinga i Hødd, etter å ha jobba med 3.-divisjonslaget og juniorane til Hødd i ei årrekkje.

23. desember vart det klart at Moldskred vender tilbake til ein av sine tidlegare arbeidsgjevarar over nyttår, og har skrive under ei trenaravtale med Herd. Ifølgje klubben sine nettsider skal Moldskred hovudsakleg jobbe med A-laget og G16.

Iføllgje Herd sine nettsider skal Andreas Rekdal ha hovudfokus mot å vere spelar den komande sesongen, og dermed blir Kenneth Moldskred ein viktig støttespelar for trenar Amund Skiri.