1. desember 2015 vart det klart at den tidlegare Hødd og Hareid-spelaren Fredrik Aursnes bytta ut Høddvoll med Aker Stadion og Molde.

No er det klart at hareidsdølen kan få sjansen i Europa allereie denne våren, ettersom han er ein av tre nye spelarar Molde har registrert før sluttspelet i Europa League.

Molde har meldt inn desse nye spelarane: Fredrik Aursnes, Pape Paté Diouf og Petter Strand.

Klubben har mista ein heil del spelarar sidan hausten og desse spelarane er ikkje lenger reistrerte for spel: Tommy Høiland, Etzaz Hussain, Ola Kamara, Martin Linnes, Fredrik Semb Berge, Magne Simonsen, Harmeet Singh.

Molde møter Sevilla i første utslagsrunde. Sevilla har vunne Europa League dei siste to sesongane.