I ei pressemelding frå Hødd går det fram at Bendik Rise (født 98) og Martin Mork Breivik (født 96) har signert A-kontrakter med Hødd. Rise har signert ei toårskontrakt, medan Mork Breivik har signert for 2016.

- Bendik og Martin er begge unge, lokale og spennande spelarar som vi trur kan utvikle seg til å bli gode A-lagsspelarar i Hødd. Dei har gjort det godt på trening, har spennande ferdigheiter og har dei rette haldningane både på og utafor bana. Bendik trivast best på midtbana med sin presise venstrefot og gode overblikk, mens Martin har utvikla seg til å bli ein rask og offensiv høgreback. Vi ser veldig fram til å følgje Bendik og Martin si utvikling vidare, seier sportssjef Andrè Nevstad i pressemeldinga.

Dei to spelarane er også nøgde med å få A-kontrakt med Hødd.

- Utruleg stort å få tilbud om kontrakt og fast plass i A-stallen, men det er no den verkelege jobben byrjar seier dei to ferske A-lagsspelarane. Det er eit veldig godt miljø i A-stallen, ein fantastisk gjeng og vi har stortrivast i gruppa. Nivået på trening er veldig høgt, og det gjer at vi må vere skjerpa på kvar einaste trening. Vi skal jobbe steinhardt kvar einaste dag for å utvikle oss vidare og gleder oss veldig, seier Bendik og Martin.

Martin Mork Breivik kom til Hødd frå Hareid IL sommaren 2013.