Det var nokre positive ting å ta med seg frå treningskampen mot KBK for Hans-Erik Eriksen, som at Ole Monrad Alme leverte ein god kamp i mål, og at Sondre Beite leverte ein god søknad om meir speletid då han sette inn Hødd sitt mål etter pasning frå Michael Karlsen.

Meir urovekkande var det kanskje at Hødd ikkje skapte meir enn ein sjanse i den første omgangen.

- Det er ikkje godt nok, seier Eriksen. Han synest det gjekk for treigt med ein del av det Hødd leverte mot divisjonskollegaene, men han såg også lyspunkt.

- På vårt beste er vi gode, men det blir for langt mellom dei stundene. Det går for treigt, både i beina og i hovuda på spelarane.

Noko av forklaringa kan kanskje vere at Hødd har trent lite på stor bane. Derfor blir det stor forskjell frå det laget gjer i Ulsmohallen til den store bana i Sparebanken Møre Arena.

Samstundes er det ikkje no Hødd skal vere på sitt beste. Sondre Beite kom inn til den andre omgangen mot KBK, og fekk vist fram litt av det han kan bidra med. Daniel Berg sette først to scoringar for KBK, men like etter den andre, som var eit vakkert frispark, var Beite verkeleg på farta.

- Det er godt å sjå at vi har folk som kan kome inn og bidra. Sondre hadde målgjevande sist og scorar i dag på ei fin pasning frå Mikke, som også kjem inn. Det viser at vi har bra breidde i troppen, seier Eriksen, som meiner Hødd spelarmessig har kome langt, men at det ikkje er heilt sikkert at troppen er heilt komplett endå.

Målscorar Beite var nøgd med å kome på scoringslista.

- Det har ikkje losna skikkeleg på trening, men når eg kjem i kamp så sit den. Det er godt, og viktig no når vi er inne i ei periode der ein kjempar om speletid og om å få ein plass på laget, fortel Beite.