KBK opna best i treningskampen mot Hødd i Sparebanken Møre Arena. Hødd sleit lenge med å kome til sjansar, medan KBK sine raske angriparar var nære ved å skape trøbbel for Hødd.

Jean Mendy var mellom anna ein konstant trussel for Hødd-forsvaret.

Dei blåkvite måtte vente lenge før laget registrerte sin første sjanse, men Magnus Myklebust ville ha straffe tidleg i kampen, då han nådde ballen før KBK sin keeper, og deretter gjekk i bakken innanfor 16-meteren. Dommaren var ikkje einig.

Hødd sin første skikkelege sjanse var det Robin Shroot som stod for om lag ti minutt før pause. Shroot trekte seg inn frå høgre og svinga skrudde ballen i stolpen bak keeper, men dessverre for Hødd sin del spratt ballen ut att og vekk frå mål.

Også KBK var nære ved å score på slutten, då Mendy to gongar trefte stolpane bak Ole Monrad Alme.

KBK tok leiinga etter 58 minutt. Daniel Berg sette ballen i mål.

Hødd prøvde å løfte seg etter scoringa, men i staden var det KBK som dobla halvvegs ut i den andre omgangen. Igjen var det Daniel Berg, denne gongen på eit flott frispark heilt oppe i vinkelen.

Sondre Beite kom inn for Hødd etter 2-0 og introduserte seg umiddelbart. Ballen vart spelt i bakrom og der kom Beite åleine med keeper Månsson. Beite gjorde ingen feil og plasserte ballen mellom beina på keeperen og i mål.

Fredag klokka 18.00 spelar Hødd sin andre treningskamp denne vinteren, mot Kristiansund BK i Sparebanken Møre Arena.

I årets første treningskamp blei det 2-0 siger mot Tippeligalaget AaFK.

KBK viste seg å vere ein vanskeleg motstandar for Hødd sist sesong. Då vann laget 1-0 etter ei sein og omdiskutert scoring på nye Høddvoll, medan det vart 2-1 tap for Hødd i Kristiansund.

Sidan den gong har KBK mellom anna henta tilbake Jean A Mendy frå Sandefjord. Mot AaFK sist fekk alle Hødd sine fire nysigneringar prøve seg, og Hødd stiller med den same troppen mot Kristiansund.

Ei endring er likevel at to unggutar har fått A-kontrakt med klubben sidan møtet med Aalesund.

Mot Aalesund var det Jan-Lennart Urke som passa målet for Hødd. Dermed er det venta at Ole Monrad Alme får prøve seg mot Kristiansund.

Kampen kan du sjå direkte på Vikebladet.no. Sendinga er produsert av Tidens Krav og blir kommentert av Rune Edøy og Lars Helge Høvik.