Sist gjekk det skikkeleg fort då både Joakim Tranvåg og Jenny Stokkevåg Berg sprang seg inn på topplistene i Grimstadvatnet rundt. Om nokon kan kome ned på like gode tider er nok usikkert, sidan snø og is enkelte stadar kan gjere forholda vanskelegare for løparane.

Det var Olger Pedersen og Iselin Chemmai Sundgot som var raskast i den første løpet i Vinterkarusellen. Pedersen, som representerer Dimna IL var også først i mål i desemberutgåva. Då var det Ingrid Festø (Gular/Volda) som var raskast av kvinnene.

Løpsstarten på Hareid går 14.00 og dei raskaste kan ein vente i mål litt før 14.30.