Både Hareid og Hødd sine G16-lag har fått ei best mogleg opning på kvalifiseringa til årets 1.-divisjon på Sunnmøre. Begge vann sine opningskampar i januar, og laurdag fulgte begge opp med nye tre poeng i Sunnmørshallen.

Hødd hadde få problem med å ta seg av Blindheim, og til slutt stod det heile 12-1 til Hødd. Bastian Myklebust Rasmussen scora det første for Hødd, som var oppe i 4-0 før det var passert 20 minutt. Hødd var oppe i 6-0 til pause, og scora også seks etter kvilen. Dermed står Hødd med seks poeng etter to kampar. Torsdag møter laget Langevåg, som har ni poeng etter tre kampar.

Hareid står også med full pott etter sine to første kampar i vinterkvalifiseringa. I den første kampen vart det siger over Spjelkavik, og laurdag gjorde laget kort prosess med Sykkylven IL/FK Sykkylven.

Sebastian Gjerde sendte Hareid i leiinga etter 12 minutt, før Sykkylven utlikna åtte minutt seinare. Derifrå og inn var det likevel Hareid som dominerte og August Julian Brandal sende Hareid opp i 2-1 etter 34 minutt.

I den andre omgangen sørga to mål frå William Valde Bigset og eitt frå Jafari Hassan for at Hareid kunne reise heim med ein solid 5-1 siger. Neste kamp for Hareid er Herd komande laurdag. Herd er storfavorittar i gruppa og står med tre strake sigrar. Laurdag vann laget 10-1 mot Spjelkavik.

Ifølgje Hareid IL sine nettsider vil dei tre beste i pulja gå til førstedivisjon. Og sett utifrå det ligg både Hareid og Hødd svært godt an etter sine første kampar.