Laurdag var det duka for to lokaloppgjer i kvinnene sin 4.-divisjon i handball på ytre Søre. Hareid var vertskap for Hødd 1 i Hareidhallen, medan Hødd 2 reiste til Herøyhallen for å møte Bergsøy 2.

June Skeide Bergseth heldt fram det positive comebacket sitt og leverte seks mål for Hareidsdamene, men ho og dei andre Hareidspelarane makta ikkje å halde heilt følgje med Hødd1. Til pause var stillinga i Hareidhallen 10-20 i favør Hødd 1, og etter kvilen tetta bortelaget endå betre igjen i forsvar.

Elisabeth Økland har vore Hødd 1 sin giftigaste spelar, og heldt fram mot Hareid, då ho avslutta med åtte scoringar. Det kan også nemnast at alle Hødd sine spelarar kom på scoringslista i denne kampen. Ved full tid hadde Hødd 1 auka til 15-42.

For Hødd 2 sin del vart det ein mykje tettare kamp i Herøyhallen. Det tok si tid før Bergsøy 2 fekk si første scoring, men Hødd 2 makta heller ikkje å dra skikkeleg frå i opninga. Den første omgangen var svært målfattig, og Hødd 2 gjekk til pause med ei luke på to mål på stillinga 6-8.

Begge laga var meir effektive etter pausen, men utan at det vart noko målshow i Herøyhallen. Bergsøy 2 kjempa seg nærare og nærare, og fekk utlikna med om lag ti minutt igjen av kampen. Då såg det ut til at det kunne ryke eitt poeng for Hødd 2, men bortelaget var mest effektive i sluttminutta og sikra til slutt sigeren med 19-20. Marte H. Barstad vart toppscorar for Hødd 2 med seks mål.

Sundag spelar begge Hødd-laga bortekampar mot topplaget Aksla.