Rudhallen i Bærum er vertskap for innandørsutgåva av Tyrvingleikane denne helga, og Dimna IL har med to representantar. Renate Grimstad deltek på 60 meter hekk, medan Henrik Overvåg skal stille på 60 meter og 200 meter.

Henrik Overvåg til seg til B-finalen på 60 meteren, der han sette ny personleg rekord med tida 7,05. Det heldt til ein 5.plass i eit svært jamt heat. Joachim Sandberg var raskast på 6,99 medan fem utøvarar hadde tider frå 7,02 til 7,06.

Også Renate Grimstad sette ny "pers" då ho sprang 60 meter hekk sundag. Her var ho raskast av alle i feltet og vann med tida 8,73.

Henrik Overvåg skal i aksjon på 200 meter klokka 18.10.

Les også: Karsten duellerte med Jays

Henrik Overvåg sette personleg rekord med 7,05 på 60 meter. Han skal også i aksjon på 200 meter i Rudhallen.