I 2015 vart 6.-divisjon på Sunnmøre gjennomført med tre avdelingar som alle spelte trippel serie. Der fann ein mellom anna ei rein Søre-avdeling.

Slik blir det ikkje denne sesongen, då Sunnmøre fotballkrets har sett opp to avdelingar med ti lag i kvar. Det er lagt opp til dobbel serie og dermed 18 serierunder i løpet av sesongen.

6.-divisjon er i utgangspunktet sett opp med måndagskampar og den første serierunden går 25. april.

Det er meldt på to lag frå Ulstein og Hareid i årets 6.-divisjon, Hareid 2 og Hasundgot. Denne sesongen er det også med tre lag frå nordsida av Breisundet; Herd 3, Fiskerstrand Vikings og Langevåg 2.

Ein ser også at det ikkje lenger blir samlingslag for Gjerdsvika og Moltustranda, men at desse i staden stiller kvart sitt lag. Sæbø rykte ned frå 5.-divisjon i 2015 og er einaste laget frå Ørsta og Volda.

Heile avdelinga: Tjørvåg, Herd 3, Hasundgot, Hareid 2, Langevåg 2, Bergsøy 2, Gjerdsvika, Moltustranda, Fiskerstrand Vikings, Sæbø.

PS! Tysdag denne veka kan ein få ein forsmak på årets 6.-divisjon då Hareid 2 og Hasundgot møtest til treningskamp på Hareidsmyrane stadion.