Ruben-Kenneth Brandal avslutta fotballkarrieren i Hødd etter 2015-sesongen. Etter lengre tids skadeproblemer valte Brandal å prioritere å få kroppen tilbake på rett spor.

No er det klart at Brandal returnerer til fotballen, og gjer comeback for Hareid IL. Allereie onsdag kan han få sin første kamp etter returen, då Hareid møter Hødd 2 i ein treningskamp på nye Høddvoll.

- Må få tilbake lysta

Hareid IL skriv på sine nettsider at Brandal er klubben si første nysignering denne sesongen, og om Brandal klarar å halde seg skadefri bør det vere ei solid forsterking for 4.-divisjonsklubben.

Frå før har Ruben-Kenneth Brandal 56 A-kampar for Hareid. Det rakk å bli 161 A-kampar for Hødd i perioden 2009 og 2015, og i 2012 vart han cupmeister med Hødd.