Laurdag ettermiddag spelar Hødd sin tredje treningskamp i sesongoppkøyringa, og denne gongen er det 2.-divisjonslaget Brattvåg som står på den andre banehalvdelen.

Kampen skulle etter planen spelast på nye Høddvoll, men vart flytta til Color Line Stadion. Kampstart er 13.00.

Lagoppstillingar:

Hødd startar med følgjande mannskap: Jan Lennart Urke, Bendik Torset - Ygg Wembangomo - Steffen Moltu - Vegard Heltne, Fredrik Sjølstad - Øystein Vestvatn - Magnus Myklebust, Robin Shroot - Didrik Sereba - Joachim Magnussen.

Benk: Sivert Pieroth, Jesper Törnquist, Joakim Wrele, Audun Øvrelid, Martin Mork Breivik, Micahel Karlsen, Eirik Ulland Andersen, Torbjørn Kallevåg.

Brattvåg startar med følgjande mannskap: Per Espen Thorsen, Phillip Berglund - Fredrik Johnsen - Oliver Ekroth - Vegard Sætre, Henrik Grimstad - Robert Kjellmann - Simon Tomren - Kristoffer Hildrestrand, Robin Pallatios - Torbjørn Grytten.

Benk: Vegard Skare, Eirik Høivik, Håkon Heiwe, Henrik Hansen.

Hødd leverte ein god førsteomgang på Color Line Stadion og scora heile fem gongar i løpet av dei første førtifem minutta. Robin Shroot teikna seg på scoringslista tre gongar, medan Joachim Magnussen scora på straffe for Hødd. Hødd fekk også ei scoring etter eit sjølvmål.

I den andre omgangen gjorde Hødd nokre byter, og ein av spelarane som kom inn etter pause, Eirik Ulland Andersen, sikra ein 8-0 siger for Hødd med tre scoringar i den andre omgangen.

Vi følgjer kampen her på Vikebladet.no. Følg også med utover dagen for referat og reaksjonar.