Under den nordiske innandørslandskampen i Växjö i Sverige denne helga forbetra Karsten Warholm den norsk U23-rekorden på 200 meter. Warholm hadde sjølv rekorden etter Dimna Games i Ulsteinvik, men i Sverige var han endå eit par hundredelar raskare og storma inn til ny rekord på 20,94.

Svenske Tom Kling Baptiste var nærast Warholm med tida 21,07. Even Meinseth sprang inn til ein 4. plass med tida 21,34.

Tidlegare i dag sprang Renate Grimstad 60 meter hekk. Med tida 8,78 vart det ein 7. plass på Grimstad.

Karsten Warholm var også med i lengdekonkurransen under landskampen. Warholm hoppa berre fire av seks omgangar, men tok ein fjerdeplass etter eit hopp på 7,44. Andreas Otterling vann konkurransen med eit hopp på 8,01.

Både Karsten Warholm og Even Meinseth var med på laget då Norge vann 4x 200 meter stafett. Warholm sprang den første etappen og gav det norske laget eit svært godt utgangspunkt. Jaysuma Saidi Ndure avslutta inn til ein kontrollert siger for Norge.