I Hødds tredje siste seriekamp denne sesongen var det veldig lite som lukkast for dei blåkledde. Gjestene frå Aksla tok leiinga på straffekast etter dryge eitt og eit halvt minutt, og ti minutt ut i kampen leia bortelaget komfortabelt 5-2.

Etter ein svak start på kampen tok Hødd seg saman i omgangens midtperiode, og ti minutt før pause var stillinga 5-8.

Men så slokna gnisten i Hødd-laget igjen, og dei raudkledde gjestene rykka ifrå til 17-9 før pausesignalet gjalla i Ulsteinhallen.

- Vi gjorde ekstremt mange personlege feil i første omgang, som då førte til at vi fekk 7-8 mål imot som kunne ha vore unngått, oppsummerer trenar Guri Brevik den første halvtimen.

Hang ikkje med

Pausepraten såg derimot ut til å gi avkastning med ein gong, for Hødd gjekk så å seie rett i angrep og sørgja for at dei for første gong i kampen hadde tosifra scoringar i målprotokollen.

Men så kollapsa det endå ein gong for blåtrøyene. For Aksla, som før oppgjeret låg på plassen over Hødd, hadde ikkje tenkt å sleppe opp på gassen i den andre omgangen.

Ti minutt ut i omgangen hadde dei auka forspranget til 20-12. Då dei to minutt seinare scora like utanfor sitt eige målfelt vart det ganske tydeleg at dette ikkje var Hødds dag.

Sluttresultatet stoppa til slutt på 16-32.

- Ein parodi

Då Hødd innsåg av slaget var tapt, var det eit spørsmål om korleis ein skulle takle motgangen.

- Det blir komisk, litt moro. Vi fekk det ikkje heilt til, og kva er då alternativa? Skal ein bli rasande sint når ein ligg under med 15 mål? Det er ikkje noko poeng i det, påpeikar Brevik.

- Då blir det litt moro og komiske situasjonar med smil og latter. Det synest eg er greitt å ha sjølv om resultatet vert som det vert. Det er ikkje noko å henge med hovudet etter – det er berre eit spel, legg ho til.

Men prestasjonen isolert sett skulle ho gjerne ha sett var ein god del betre, ettersom mykje av problemet var at spelarane ikkje gjorde det dei skulle.

- Det utvikla seg litt til å bli ein parodi av ein kamp. Vi heldt ikkje oss til det vi vart einige om å bli einige om, og spelte for oss sjølve. Det var litt Hawaii-handball, og det høyrer ikkje heime på seniornivå, presiserer Hødd-trenaren.

Latter på tampen

Noko av det som ifølgje Brevik var positivt frå kampen derimot, var tomålsscorar Daniel Goksøyr.

- Han viste fantastisk innsats både framover og bakover. Hadde alle spelt slik så hadde resultatet sett litt annleis ut, meiner Brevik.

Goksøyr skapte derimot dagens latter blant både spelarar og tilskodarar då han nokre minutt før full tid tilsynelatande fekk svært vondt, men etter litt om og men viste det seg «berre» å vere ei saftig krampe – som heldigvis gjekk bort etter til uttøying.

Uheldigvis, derimot, vart det sesongens femte tap på Hødd, som blir verande på femteplass (nest siste) etter fredagens kamp.