I ei pressemelding frå Hødd går det fram at klubben har kome til einigheit med Sogndal om Eirik Skaasheim.

Eirik Bergum Skaasheim klar for Hødd Hødd og Sogndal er einige om ein utlånsavtale på Eirik Bergum Skaasheim, avtalen strekkjer seg i første omgong ut vårsesongen.

Eirik kom til Sogndal frå moderklubben Balestrand før 2011-sesongen, og har spelt 59 kampar i Tippeligaen for Sogndal. I fjor fikk han med seg 15 kampar i opprykksesongen for laget frå saftbygda. I tillegg har Eirik spelt landskampar både på U19 og U21.

Sportssjef Andrè Nevstad er godt fornøgd med at Skaasheim er på plass:

- Eirik er ein spelar vi har hatt i kikkerten i lang tid, og vi er veldig godt fornøgd med at vi fikk på plass ein avtale med Sogndal. I første omgang gjeld avtalen ut vårsesongen, så får vi sjå kva som skjer etter den tid. Eirik er ei flott type som passar perfekt inn i den gruppa vi har i Hødd, og han er ein anvendelig spelar som kan bidra i fleire posisjonar i forsvaret. Vi ønskjer Eirik velkomen til Hødd, og veit han er kjempemotivert for å bidra både på og utafor bana, avsluttar Nevstad.

Eirik ser fram til å spele for Hødd:

- Eg fikk eit veldig godt inntrykk av Hødd då eg var på besøk tidlegare denne veka. Eg har også høyrt mykje bra om klubben frå Ole Amund (Sveen) og Victor (Grodås) og ikkje minst Robin Shroot som eg spelte med i Sogndal i fjor. Eg ser veldig fram til å kome i gang med denne flotte gjengen og skal bidra alt eg kan for at Hødd skal få ein kjempesesong.

Hødd har dermed nokre timar att for å få på plass detaljane i avtalen, dersom dei ønskjer å få forsvarsspelaren klar før seriestart.

Ifølgje Sogn Avis har Hødd vore på jakt etter spelaren i lengre tid, og dei ønskjer ikkje å låne vekk spelaren lenger enn fram til sommaren. Dette fordi Taijo Teniste, som er framom Skaasheim i køen på høgrebacken, kan vere aktuell for større klubbar til sommaren.

Skaasheim har spelt både Tippeliga- og 1.-divisjonsfotball for Sogndal, og har kampar både for det norske U19 og U21 landslaget. I 2013 og 2014 starta han til saman 49 kampar i Tippeligaen for Sogndal.

Eirik Skasheim er 23 år og kjem opphavleg frå Balestrand i Sogn og Fjordane.