Hareid har fått ei bra opning på 2016-sesongen. Rett nok vart det tap 0-3 heime mot Langevåg i første heimekampen, men Hareid står likevel med seks poeng etter tre kampar.
Torsdag vart Valder slått 3-0 på Valdervoll.
Bortelaget tok leiinga like før pause då Hareid fekk straffe. Den sette Robin Jackson Indreflø i mål, og gav dermed Hareid den perfekte avslutninga på den første omgangen.
Ti minutt etter pause gjekk det frå vondt til verre for heimelaget, då Ruben-Kenneth Brandal fann Robin Jackson Indreflø, som sette sitt andre for dagen.
Tomålsleiinga kjendest nok ikkje like trygg ut få minutt seinare, då Jon André Thue fekk sjå dagens andre gule kort, og dermed måtte tidleg i dusjen. Hareid måtte spele dei siste vel 30 minutta med ti mann.
Men sjølv om heimelaget var ein mann meir på bana, og hadde sjansar til å score, så var det til slutt Hareid som kunne avslutte kampen med eit nytt mål. Denne gongen var ikkje Ruben-Kenneth Brandal lenger servitør, men i staden sist på ballen. Dermed 3-0 til Hareid borte mot Valder.
Kampfakta:
Valder - Hareid 0 - 3 (0-1)
Valdervoll KGB
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL
Gule kort: Thue x2, Driksna
Hareid: Fredrik Lonbakken, Venthan Ketheeswaran, Simon Holstad Grimstad, Lars Roar Holstad, Nauris Driksna, Torgeir Skeide, Jon André Thue, Ruben-Kenneth Brandal, Robin Jackson Indreflø, Thor-Ove Brekke, Runar Stranden.