I månadsskiftet mai/juni skal Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik representere Norge under junior-NM i turn. Då reiser ho og fire andre juniorar saman med seniorlandslaget til Bern i Sveits, der EM blir arrangert. Sjå reportasje frå trening i turnhallen på Skeide og intervju med Edel i toppen av saka.

Les også: Edel Charlotte skal til EM

- Det blir spanande å følgje Edel der nede, fortel far og trenar Vidar Fosse. Heile familien er involverte i IL Hødd Turn, og at Edel Charlotte Eiken Fosse no er klar for si største utfordring til no gir ein stor motivasjon, både til familien og til resten av klubben.

- Det har vore ei kjempegulrot for oss. Vi la lista høgt og sa at det var eit hovudmål å kome til EM. Vi visste at det var realistisk med ekstra innsats, og no har vi nådd målet, fortel Fosse.

Kor viktig er det å ha noko å strekkje seg etter?

- Det er veldig viktig. Når ein trener så mykje som Edel gjer, så må ein ha mål og ein må setje seg hårete mål. Du kan ikkje berre trene litt, ein må satse, meiner Fosse.

IL Hødd Turn er ein liten klubb, men Fosse fortel at ein over tid har klart å byggje opp eit skikkeleg miljø i Ulsteinvik.

- Det har ein også merka seg i forbundet. At vi klarar å hevde oss, sjølv om vi har små ressursar.

Les også stor reportasje i laurdagsavisa.

Edel Charlotte Eiken Fosse trenar meir enn 20 timar i veka i turnhallen i Myra på Skeide. Den snart 14 år gamle jenta skal snart representere Norge under EM i Sveits. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.