- Det er alltid godt å score, men endå viktigare at får med oss sigeren på veg inn i ei periode med mykje tøffe kampar.

Robin Shroot var på rett plass til rett tid då Sandnes Ulf-keeperen rota det til for seg sjølv etter eit skot frå Fredrik Sjølstad. Shroot var iskald på returen og roa nok nervane både på Hødd-benken og blant tilskodarane på nye Høddvoll.

Då same mann sette inn 2-0 med eit vakkert skot, og etter flott forarbeid frå Eirik Skaasheim, var det plutselig ingen tvil om kvar poenga skulle gå.

Har vore frustrerande

Kontrasten var stor mellom gledesscenene på Høddvoll sundag, og den slukøra gjengen som måtte forlate Brattvåg etter å ha gått på hovudet ut av Cupen onsdag.

- Det er store kontrastar og eg syns reaksjonen vår er god. Vi merkar at folk i Ulsteinvik har vore frustrerte og vi er ikkje dumme vi heller, sesongstarten har vore frustrerande også for oss. Vi ønskjer at folk skal kome for å sjå på oss, og dei fortener å sjå eit lag som jobbar hardt og leverer kvalitet ute på bana. Det vil ta tid, men i dag ser vi prov på at vi har mykje "spirit" i laget. Sandnes Ulf er ikkje noko dårleg lag.

For Shroot, som scora sine to første i ligaen mot Sandnes Ulf, var det godt å få opna målkontoen.

- Det er alltid godt å score, det er jobben min, men dette er eit lagspel. Mi oppgåve er å prøve å finne hol i motstandarforsvaret og skape problemer for dei. Eg synest vi var veldig positive i måten vi spelar på i dag og eg trur ikkje vi på noko tidspunkt vart redde for å ikkje få med oss noko frå denne kampen.

Vil aldri beklage for bomskot

Han meiner Sandnes Ulf aldri kom seg skikkeleg inn i kampen, men Hødd brukte også tid før scoringa kom.

- Eg veit at det kan vere frustrerande å sjå på bomskot, feilpasningar og dårlege avslutningar, men eg synest vi leverer mykje bra i denne kampen. Vi hadde mange forsøk, og jo fleire gongar ein prøvar, jo nærare kjem ein. Eg kjem aldri til å beklage for at eg bommar på mål, eg scorar fordi eg prøvar, og då kjem det også nokre bommar.

Shroot fortel at han er spesielt nøgd med at publikum på Høddvoll kunne gå heim med ei god kjensle.

- Dei betalar for å sjå oss spele fotball, og då fortener dei at vi gjer det vi kan for å underhalde dei. Eg er veldig glad for at vi leverer for dei i dag, og eg håpar alle går heim med eit smil i dag, seier den sympatiske briten.