Hødd stilte med dette laget mot Sandnes Ulf:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Joakim Wrele, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Fredrik Sjølstad - Didrik Sereba, Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot

Første omgang

Jamspelt dei første minutta. Etter fire minutt finn Eirik Ulland Andersen Didrik Sereba, som nesten får ballen med seg til avslutning. Minuttet etter slår Aasbak inn til Shroot, som kunne klart å sende i veg eit skot, hadde han stabla beina riktig.

Ti minutt inn i kampen får Eirik Ulland Andersen ballen, tek den med seg inn i feltet og fyrer av frå seks-sju meter. Diverre for han og Hødd går kula langt over mål. To minutt etter prøver same mann seg frå distanse, men skyt langt utanfor mål. Eirik Skaasheim skyt frå 30 meter etter 14 minutt, men rett på keeper.

Farleg sjanse for Hødd etter 17 minutt, då Robin Shroot får tak i ballen etter ein corner. Han skyt, men curlar ballen litt for langt ut, og til side for mål.

Farleg i andre enden etter 27 minutt då Eirik Schulze får avslutta, men ballen går til side for mål.

Eirik Ulland Andersen får frispark i svært farleg posisjon når klokka rundar halvtimen. Han løftar ballen over muren, men den går like utanfor eine stolpen.

Etter 35 minutt skaut Sandnes Ulf-spelar Kent Eriksen på mål frå rundt 30 meter, men keeper Jan Lennart Urke boksa ballen ut til corner.

Litt tam kamp til no på Høddvoll, trass i sjansane.

0-0 til pause på Høddvoll.

Andre omgang

Kent Eriksen sender i veg eit skot, berre minuttet inn i omgangen. Berre ei særs god redning frå Jan-Lennart Urke reddar Hødd frå baklengs.

Betre tempo i starten av andre omgang enn i store delar av første. Spelet bølgjar fram og tilbake.

Hødd har ballen mykje også i andre omgang, men lukkast ikkje heilt å bryte gjennom og utfordre Sandnes Ulf-keeperen. Didirik Sereba får derimot ein grei sjanse etter 55 minutt, men avslutninga blir for spak.

Hødd speler god fotball i denne perioden av kampen, men kjem framleis ikkje fram til kvalifiserte målsjansar.

Christoffer Aasbak skyt på mål like før 60 spelte minutt, frå skrått hald. Ballen går rett i armane på keeper, men Hødd får i det minste avslutta.

Eirik Skaasheim kan prise seg lukkeleg for at dommaren ikkje blas for straffe etter 61 minutt, då han var litt overivrig i duell med ein Sandnes Ulf-spelar i feltet. Like etter, i andre enden av bana, får Didrik Sereba avslutta på mål frå skrå vinkel. Ballen curlar akkurat på utsida av mål.

Høgt tempo og høgt tenningsnivå på spelarane på Høddvoll, men det blir ikkje mål verken i eine eller andre retninga.

Bojan Zajic kom på for Sandnes Ulf litt tidlegare i omgangen, og fekk gjorde at bortelaget vakna litt.

77 minutt ut i kampen kom derimot målet heile Høddvoll hadde venta på. Fredrik Sjølstad lada kanona og skaut rett på keeper, men sisteskansen gav retur. På returen, berre eit par meter frå mål, var ingen ringare enn Robin Shroot. Han tuppa inn ballen i mål til 1-0!

Etter 84 minutt doblar Robin Shroot for Hødd. Han får ballen frå Eirik Skaasheim på kanten, og skyt ballen på flott vis i lengste frå skrå vinkel.

Sandnes Ulf jagar redusering, men Hødd bit seg fast med nebb og klør. Ein god Jan-Lennart Urke i Hødd-målet gjer også ein strålande jobb.

Det endar med 2-0 på Høddvoll!

Før kampen

To poeng etter fire kampar i Obos-ligaen er på ingen måte den starten Hans-Erik Eriksen håpa på med Hødd. At laget denne veka også rauk ut av Cupen, etter å ha tapt 1-0 borte mot Brattvåg, var også ein solid nedtur.

Borte mot Levanger leverte Hødd lenge ein bra bortekamp, men utan å få tellande resultat av presset i den første omgangen vart det tap også på Moan. Levanger toppar Obos-ligaen etter fire serierundar, men også sundagens motstander Sandnes Ulf står utan tap før kampen på nye Høddvoll.

Espen Standal og Ull/Kisa heldt Ulf til uavgjort 1-1 i opningskampen, men heime har Sandnes Ulf vore svært solide. 5-0 siger over Mjøndalen og 3-1 siger over FFK er sterkt.

I 2015 vann Sandnes Ulf på Høddvoll, medan Hødd slo tilbake i Sandnes. I heimekampen fekk Ole Monrad Alme sin første kamp i Obos-ligaen, etter at Aslak Falch vart utvist tidleg i den andre omgangen. Alme stod også sist mot Brattvåg, men det spørs om ikkje Jan-Lennart Urke framleis får tillit i serien.

Både Eirik Skaasheim og Eirik Ulland Andersen stod over bortekampen mot Brattvåg. Begge har trent for fullt mot slutten av veka, og er truleg klare til kampen mot Sandnes Ulf. Der er nok også Øystein Vestvatn, sjølv om det denne veka vart klart at han pådrog seg eit brot i armen under bortekampen mot Levanger.

Sandnes Ulf har eit svært sterkt angrep, mellom anna med Vidar Nisja, Bojan Zajic, Pontus Engblom og Kent Håvard Eriksen. Dei to sistnemte har allereie scora åtte mål til saman i serien. Dermed får Hødd-forsvaret ei solid utfordring. Hødd har ikkje gått av banen utan baklengs så langt denne sesongen.

Vi følgjer kampen mellom Hødd og Sandnes Ulf direkte frå nye Høddvoll. Kampstart sundag er 15.30.

Øystein Vestvatn trente med gips på handa denne veka etter å ha pådrege seg eit brot under bortekampen mot Levanger.