- Vi har ein fin kombinasjon av unge gutespelarar og nokre rutinerte, og sjølv om det tok litt tid før det losna gjer dei ein god kamp. Vi styrte jo heile kampen, men det var scoringa til Karlsen nokre minutt ut i andre omgang som sette i gong det heile, sa trenar Einar Magne Skeide etter kampen.

Med ein brannalarm i full vigør dei fyrste fem minutta av kampen, håpa alle dei 60 frammøtte på ein brennande god start på kampen. Hødd var ikkje direkte glødande i starten, men dei var klart betre enn Aafk 2 dei fyrste ti minutta. Hødd 2 skapte fleire halvsjansar og trilla mykje ball. Eit lite kvarter ut i kampen kom den aller fyrste store sjansa til Hødd 2. Høgrebacken Martin Mork Breivik avanserar nedover høgrekanten og ned mot dørlinja. Han finn Michael Karlsen inne i feltet som blir rive og slite i mens han avsluttar like utanfor stolpen. Fem minutt seinare får Karlsen ballen nok ein gong inne på fem meter men Aafk keeper Tor Erik Larsen tek ei sjanse og busar ut, og det funkar nok på Karlsen. For avslutning er svak og Larsen i Aafk buret får ei hand på ballen og slår den ut til corner.

Og når vi passerar 20 minutt av fyrste omgang er Hødd fortsatt klart best. Ei trippelsjanse der Larsen i Aafk-buret held dei inne i kampen med blant anna ei god redning heilt på streken. Etter ein god fyrste halvdel av kampen der Hødd 2 var klart best jevnar det seg litt ut og Aafk får i alle fall låne ballen og kome seg framover på bana. Inn mot pause skjedde det ikkje mykje anna enn at Hødd 2 trilla ball på tvers.

Om ikkje fyrste omgang var brennheit, så starta andre omgang akkurat som det. Etter kun tre minutt losna det for Hødd 2. Michael Karlsen får ballen på 20 meter. Dreg seg fyrst mot venstre, før han fintar av forsvararen att og fyrar i veg eit skot. Den får ein stuss via ein Aalesund spelar og går inn nede ved stolpen. 1-0 til Hødd 2. Og berre to minutt etter det er Karlsen frampå att. Han får ballen på hjørnet av 16-meteren, dreg seg inn i bana og curlar ballen fint ned i lengste hjørnet. Berre fem minutt ut i andre omgang står det 2-0 til Hødd 2.

Etter 67 minutt kom 3-0 for Hødd 2. Høgrebacken Martin Mork Breivik som spelte ein god kamp, blir spelt gjennom åleine mot keeper. Han gjer ingen feil og lobbar ballen elegant over Larsen i Aafk-buret. Berre tre minutt etter vartar Hødd 2 opp med eit nydeleg spel. Michael Karlsen slår ein stikkar til Sondre Beite som hamrar ballen høgt opp i korthjørnet. 4-0. Like før fulltid får Aafk 2 eit trøstemål, der ein Høddspelar er sist på ballen. 4-1 i favør Hødd 2 blir sluttresultatet på Høddvoll.

Kva tykte du om Aalesundlaget dykk møtte i dag?

- Vi møtte eit veldig ungt Aalesundlag, mens vi har meir ei blanding. Dei har vel kanskje berre ei sjanse gjennom heile kampen, og det er veldig lite. Dette var fortent, avslutta Einar Magne Skeide.

Kampfakta:

Hødd 2 - Aalesund 2 4 -1 (0-0)

Nye Hødvoll, Tilskodarar: ca. 60

Dommar: Even Myrheim, Emblem IL

Assistentdommarar: Haakon Javier Tronstad, Spjelkavik IL og Henrik Sunde, MSIL

Gult kort: Sondre Beite

Må Hødd2: Michael Karlsen x2, Martin Mork Breivik, Sondre Beite.

Hødd: Ole-Monrad Alme - Martin Mork Breivik , Steffen Moltu, Jesper Tørnqvist, Eirik F. Saunes – Bendik Rise, Sander Djupvik, Elias Martin Flø - Sondre Sandnes Beite, Gustav Dimmen, Michael Karlsen

Innbytarar Hødd: Sveinung Sæterås, Wachirawut Phudithip