Måndag kveld møtast Hødd 2 og Aalesund 2 til duellen som viser kven som er best av dei "nest-beste" på nye Høddvoll.

Hødd 2 har opna sesongen med å alternere mellom to stortap og ein storsiger. I einaste heimekampen laget har spelt vart det heile 7-1 mot Kristiansund FK.

Hødd 2 ser også ut til å gje sjansen til nokre av spelarane som ikkje fekk sjansen frå start i kampen mot Sandnes Ulf. Både Jesper Törnqvist kom inn mot Ulf, men er i troppen mot AaFK 2. Det same er spelarar som Michael Karlsen, Sondre Beite, Martin Mork Breivik, Ole Monrad Alme og Bendik Rise.