Hasundgot opna serien ei veke etter dei fleste andre laga i 6.-divisjon avdeling 1. Den forseinka seriestarten såg ikkje ut til å skade og laget sikra seg tre poeng i årets første kamp, borte mot Moltustranda på Munkvoll.

Det vart ei scoring før pause, etter at Ruben Muren heada inn ein corner frå Sebastian Kleven, men Hasundgot gav seg ikkje der. Etter kvilen var det Kleven som stod for scoringa då laget auka til 2-0. Ole Kristian Skoge sette Hasundgot sitt tredje, før Sebastian Kleven sette sitt andre og Hasundgot sitt fjerde.

Dermed vart det ein god start på sesongen for Hasundgot sin del, med fire scoringar og null baklengs. Truleg kunne også sigeren vore endå større etter at bortelaget bomma på nokre store sjansar i den andre omgangen.

Nytt Hareid-tap

Måndag spelte Hareid 2 sin andre kamp for sesongen. Etter eit knapt 2-3 tap heime mot Sæbø, var Hareid 2 på bortekamp mot Gjerdsvika. På Storøyra var det Hareid 2 som fekk den beste starten, då Kevin Øvrelid scora etter 23 minutt, men Gjerdsvika svara minuttet seinare og snudde kampen etter 31 minutt.

Hareid 2 utlikna like før pause ved Hazhir Alipoor, men etter kvilen var det berre heimelaget som teikna seg på scoringslista. To Gjerdsvika-scoringar, den siste ved tomålsscorar Vidar Ytre-Hauge heldt til ein 4-2 siger til bortelaget, og Hareid 2 har dermed opna sesongen med to tap.

Hareid 2 har no spelefri fram til 30. mai, då Langevåg 2 kjem til Hareidsmyrane. Før den tid skal Hasundgot til Sula for å møte same laget.

Kampfakta:

Moltustranda - Hasundgot 0 - 4 (0-1)

Mål: Ruben Muren, Sebastian Kleven x2, Ole Kristian Skoge.

Hasundgot: Joakim Rødven – Øystein Lydersen, Arve Vestnes, Svein Eirik Ertesvåg, Jan Robin Haraldsvik – Sebastian M. Kleven, Mats Bigset – Erik Hasund, Ruben Muren, Daniel Muren – Georg Olsen

Innbytarar: Kim-Rune Hansen, Steffen Garnes, Ole Kristian Skoge, Thinu Yogarajah, Marius Vartdal

Gjerdsvika - Hareid 2 4 - 2 (2-2)

Mål Hareid 2: Kevin Øvrelid, Hazhir Alipoor

Hareid 2: Sigve Overå Hide - Hiwa Alipoor, Andreas Emdal Fure, Benjamin Slettebakk, Emil Vartdal Hareide - Hazhir Alipoor, Ben Buntu, Gustav Bjørlykke Kløvning, Kevin Øvrelid - Martinus Røyset Bakken - Arthur Hareide

Innbytarar: Honar Alipoor, Thanusan Tharumalingam, Ulrich Kurseth, Martinus Warholm, Anders Hjelle Øiestad