Både Hareid og Larsnes/Gursken har fått ein bra start på sesongen i 4.-divisjon. Hareid har vunne begge sine bortekampar, men måtte sjå seg slått av Langevåg i årets første seriekamp på Hareid. Larsnes/Gursken har vunne alle sine tre før lokaloppgjeret på Hareid torsdag.

Les også: Hareid vann opningskampen

På Hareid-trening tysdag mangla både Ruben-Kenneth Brandal, Eiliv-Tore Howlid og Fredrik Lonbakken, men alle tre skal ifølgje trenar Einar Magne Skeide vere tilgjengelege til kampen mot Larsnes/Gursken. Hareid må klare seg utan Jon André Thue. Han fekk to gule kort mot Valder, og må difor stå over kampen mot LGFK.

– Der må vi inn med ein ny mann, og det er noko vi tenkjer på fram mot torsdagen. Stort sett skal vi ha alle disponible, fortel Einar Magne Skeide.

Han kan gle seg over at Hareid har ei veldig fin treningsgruppe, slik at sjølv om nokre spelarar manglar, så har ein framleis bra oppmøte på trening.

Annleis på heimebane

Hareid har teke seks poeng på dei tre første kampane, men Skeide meiner laget har ein god del å gå på.

– Vi har vore flinke til å følgje kampplanen og spele på det vi kan. Vi har jobba med å ligge litt lågare i bana og heller køyre ein del overgangar. Borte har det vore veldig vellukka, men heime blir det litt annleis. Der er det gjerne forventa at ein prøvar å styre litt meir.

– No skal vi møte Larsnes/Gursken og det er nok eit lag som ønskjer å ha ballen mykje. Det er eit godt og spelande lag, men vi håpar at vi skal klare å skape minst like mykje som dei, seier Skeide.

Dei to laga møttest også i generalprøven før sesongstarten. Då vann Hareid heile 5–1. Skeide tvilar på at det blir like enkelt denne gongen.

– Då var vi veldig effektive. No er det ein ny kamp og eg meiner det er ein heilt open kamp. Vi skal ikkje tru at vi er favorittar fordi vi slo LGFK i ein treningskamp.

Tapet på Hareidsmyrane er faktisk Larsnes/Gursken sitt einaste nederlag i 2016.

Vil vinne fleire på Hareid

Sist veke vann Hareid 3–0 borte mot Valder etter scoringar frå Robin Jackson Indreflø og Ruben-Kenneth Brandal. Det var første gong på 23 kampar at Hareid heldt nullen i 90 minutt.

– Kanskje vi skal få ein utvist oftare, skjemtar Skeide. Han meiner det må vere eit mål at det ikkje går like lang tid før ein held nullen igjen.

– Og så må vi gjere som spelarane seier, vi må byrje å vinne meir heime. Bortebane har nesten blitt heimebane for oss. Det passar oss kanskje godt når vi slepp å føre kampane, men det er noko vi jobbar med.

No er det heimebane som står for tur. I 2015 vann Hareid borte mot LGFK, men heime på Hareidsmyrane blei det eit 1–2 tap i siste serierunde.

– Mitt inntrykk er at det er ein kamp mellom to lag som ikkje har vore glitrande spelemessig, men som har hatt litt marginar med seg i opninga og vunne jamne kampar, seier Skeide.

Då blir det spanande å sjå kven som har marginane med seg på torsdag?

– Ja, det blir det!