Grønfur og ålesundaren Mikael Hoem Brunsvik kjempa mann mot mann heilt til målstreken opp skulebakken. Til slutt var det Grønfur som trakk det lengste strået.

Duoen samarbeida godt etter å ha fått ei luke på resten av feltet på veg rundt Gurskøya. Dei klarde å oppretthalde ei luke på omtrent minuttet tilbake til det som var igjen av feltet, men forspranget minska noko då dei to byrja å lure litt på kvarandre siste kilometerane. "Eg prøvde å skaffe meg ei luke eit par gonger innanfor dei siste kilometerane, men han hang på som ein klegg" seier Grønfur.

Bak dei kom eit stormande felt på 10-12 mann, som kjempa om den siste plassen på pallen. Igjen var det Førde CK hjå Kristian Tjønneland som var sterkast.

Tur/retur Flø

Syklistane i alderen 11-16 sykla til Flø og tilbake i sitt ritt.

Her var det fleire unge lokale som stilte til start.

Ludvik Berstad (11) kom på tredjeplass i klasse M11-12, medan systrene Angelica og Eileen Berstad vann sine klasser, K13-14 og K15-16.

Håkon Fjørtoft sykla særs godt i M15-16, men måtte sjå seg slått av ålesundaren Vetle Vemøy opp skulebakken.

Det kjem meir i papiravisa.