Det er to lag som har slite enormt med poengfangsten som møtest på nye Høddvoll sundag. Både Hødd og Ullensaker/Kisa står med fem poeng kvar etter åtte kampar, og er dermed to av tre botnlag i Obos-ligaen. Det tredje er Fredrikstad.

Men for nyopprykka Ull/Kisa vart 16. mai ein verkeleg festdag. Heime på UKI Arena blei Mjøndalen slått heile 5–1. Same dag tapte Hødd 2–0 borte mot KBK.

Dermed fekk laget frå Romerike eit solid løft framom bortekampen mot Hødd. I sine to siste kampar har Hødd møtt to av dei tre laga som toppar tabellen. Både mot Sandefjord og sist mot KBK leverte Hødd lenge bra, men enda likevel begge kampane med tap. Når Hødd no skal møte fire lag på nedre halvdel i dei neste kampane, må poengfangsten opp fleire hakk.

Har lyst på fleire mål

Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen har godt håp om at Hødd kan legge alle sine fire neste motstandarar bak seg på tabellen etter dei fire komande kampane.

– Då må vi skru til litt i alle fire fasar av spelet. Vi treng meir kraft og energi i alt vi gjer, men kanskje spesielt når vi skal forsvare oss. Då kan vi oftare vinne att ballen i gunstige posisjonar, seier trenar Hans-Erik Eriksen.

Trenaren legg heller ikkje skjul på at Hødd i større grad må klare å spele seg til klarare målsjansar. Eitt mål per kamp i snitt er ikkje godt nok.

– Scoringar er veldig viktige, og vi har sjølvsagt lyst på endå fleire. Vi skal innom mykje av det som skal skje på siste tredjedelen før Ull/Kisa kjem på besøk.

Heimelaget må klare seg utan Torbjørn Kallevåg mot Ull/Kisa, etter at han fekk sitt tredje gule kort borte mot KBK. For bortelaget sin del er Espen Standal ute store delar av sesongen, etter at den tidlegare Hødd-spelaren pådrog seg to brot under bortekampen mot Bryne. At laget likevel scora fem mål mot Mjøndalen er eit skremmeskot før oppgjeret mot Hødd.

– Ja, det er eit resultat som kan skremme dei fleste, men som trenar må ein også prøve å sjå bak resultatet. Vi skal få analysert den kampen og sjå meir av Ull/Kisa. Det er eit bra lag, men dei har sine styrkar og sine svakheiter, og det skal vi finne ut av før kampen her på Høddvoll.

Eriksen må klare seg utan Magnus Myklebust til kampen mot Ull/Kisa. Han gjekk av med skade før pause mot KBK. Det gjorde også Eirik Skaasheim, men han er truleg tilgjengeleg på sundag.