Sætre vann finalen i både 8- og 9-ball, to disiplinar innanfor greina pool-biljard. Ei anna grein er snooker, som Matias tok ein svært imponerande NM-bronse innan, då han deltok i senior-NM nyleg.

- Eg var veldig letta etter siste kampen. Eg hadde som mål å vinne i dei to andre displinane som blei spelt før i år, 14-1 og 10-ball. Der fekk eg sølv og bronse. Det var difor for meg litt om å få gjere å få revansj. Det gjorde eg for alvor no, og det var veldig deilig, seier ein smørblid noregsmeister til Vikebladet Vestposten.

Les også: NM-bronse i snooker - på første forsøk

Stortalentet frå Larsnes, som representerer Herøy Biljardklubb, spelte seg heilt til finalen i både 8- og 9-ball, og blei for sterk for motstandarane i begge disiplinane. I finalen i 8-ball slo han Eirik Risnæs frå Oslo Biljardklubb med 6-4. I 9-ball-finalen slo han Jardar Eiken Flage (Hyllestad Biljardklubb) overlegent, med heile 7-0.

- Det gir meg meir motivasjon. Motivasjon til å ta jobbe hardt for å ta nye medaljar, klare nye mål eg set for meg sjølv, seier Matias.

Ventar på landslagsuttaket

No blir det ikkje fleire noregsmeisterskap før etter sommaren, og då står opa klasse i NM for tur.

- Om eg presterer på topp der har eg gode sjansar. Der er alle dei beste med, i ei stor eliteturnering. Det blir veldig spanande, og eg må jobbe knallhardt og øve mykje for å kome høgt opp der, seier Sætre.

Han har ikkje blitt teken ut til U23-EM enno, men han ligg no øvst på rankingslista blant U23-utøvarane i Norge.

- Det skal difor overraske meg stort om eg ikkje blir teken ut der. Eg går eigentleg berre rundt og ventar på ein telefon, seier Matias Sætre til slutt.

EM i biljard går av stabelen i Italia i oktober.