Det vart ei bra helg for dei lokale utøvarane under NM og UM i mangekamp i Nittedal. For debutant Kevin Olai Wingsternes Svarstad frå Hareid IL enda helga med ei imponerande bronsemedalje.

Wingsternes Svarstad opna UM med tredje beste tid på 100 meter hekk, der han kom i mål på 16,21. Det gav 568 poeng. Sidan dette var debutkonkurransen i mangekamp for Wingsternes Svarstad, var det ein del øvingar som framleis er ganske uvane for unguten. I diskos fekk han 291 poeng etter eit kast på 21,26 meter, han fekk 309 poeng for å kome over 2,80 i stavkonkurransen og 271 poeng for eit kast på 28,87 meter i spyd.

Men då stod det også att øvingar der 15-åringen var meir i sitt ess. På hundre meter hadde Kevin Olai nest-beste tid med 12,34 og fekk med seg 586 poeng. I lengdekonkurransen vart det også nesten 500 poeng. Etter eit hopp på 5,53, som var tredje best av alle, fekk han 487 poeng. I kule blei det 426 poeng etter eit støt på 9,70 meter.

Nikampen vart avslutta med høgde og 1000 meter, og Kevin Olai Wingsternes Svarstad viste at han ikkje hadde brukt opp kreftene i dei sju føregåande øvingane. I høgdekonkurransen var han einaste utøvar som gjekk høgare enn 1,60, og vann øvinga med 1,69. Det gav 536 poeng. Og på den avsluttande 1000 meteren var også Wingsternes Svarstad sterkast. Med 3.07,54 fekk han 592 poeng og vann over fem sekund framom nestemann.

Det gav ein samla poengsum på 4066 poeng, og dermed UM-bronse i første forsøk. Oliver Enger frå Krødsherad IL vann konkurransen med 5182 poeng. Med mange nye øvingar på programmet og med personleg rekord i alle ni øvingane må det seiast å vere ein flott debut frå Hareid-utøvaren.

God kontroll på VM-kravet

Også Dimna IL sin representant under NM i mangekamp, Toralv Opsal, gjorde sine saker bra. På førehand sa Arve Hatløy at det var eit mål å klare U20-VMkravet på 7200 poeng, noko som ville seie 720 poeng i snitt per øving. Toralv Opsal leverte ein bra 100 meter på 11,44, før det blei heile 823 poeng i lengde med eit hopp på 7,04. 13,15 meter i kule gav 676 poeng, før Opsal leverte 1,94 meter i høgde og fekk med seg nye 749 poeng. Første konkurransedag vart avslutta med 400 meter, der 49,91 sekund gav 819 poeng. Ein god start for Opsal, som dermed var godt i rute til VM-kravet.

Sundag var det klart for 110 meter hekk, der Opsal henta heim sin beste poengsum med 856 poeng etter tida 14,95. Diskos var neste øving og den Arve Hatløy var mest spent på i forkant av NM. Med 39,55 meter leverte Opsal til 644 poeng og dermed svært godkjent også her.

I stav gjekk mangekamp-talentet over 4,70 og inkasserte dermed 819 poeng. Med 544 poeng etter 47,79 i spyd hadde Opsal grei kontroll på VM-kravet før den avsluttande 1500-meteren, der han kom i mål på tida 4.41,51 og 671 poeng. Det gav ein totalsum på 7357 poeng, og ifølgje Dimna IL sine nettsider er det sålangt berre to 19-åringar frå Cuba som har betre resultat på verdsstatistikken i år. Godt levert av Dimna-utøvaren.