Sundag 29. mai går mosjonsarrangementet Follestaddalen Rundt av stabelen i Ørsta. Det er Follestaddalen IL som står bak arrangementet og i ei pressemelding skriv dei at ein ønskjer å slå eit slag for alle mosjonistane.

- Vi ønskjer å tilby eit mosjonsarrangement for alle: sofaslitarar, rånarar, bønder, kjerringar, pingler, suppegaukar, pensjonistar, kraftige, unge, og spreke, alle er velkomne, skriv Follestaddalen  IL i pressemeldinga.

Det blir lagt opp til både mosjonsklasser, konkurranseklasse og barneløp.

Follestaddalen rundt går på ei løype som er 10,3 kilometer, og som har start- og målgang ved Samfunnshuset i Follestaddalen. Løyperekorden er det Knut Innselset som sette med tida 34.09 tilbake i 1990, men han må dele rekorden med Joachim Tranvåg som tangerte bestetida då han vann Follestaddalen Rundt i 2015.