Hødd er også denne gongen i såkalla grøn sone. Torsdag presenterte Norges Fotballforbund resultata for toppklubbane i norsk fotball si økonomiske rapportering for siste halvdel av 2015. Av klubbane i Obos-ligaen er det Hødd og fem andre som hamnar i grøn sone. KFUM Oslo, Kongsvinger, Mjøndalen, Strømmen og Åsane har alle levert godt nok til å hamne i gron sone.

Like positivt er det ikkje for Bryne, Kristiansund, Sandnes Ulf, Raufoss og Ull/Kisa. Alle hamnar i raud sone. Det gjer også dei fire klubbane som rykte ned frå 1.-divisjon i 2015.

Desse klubbane er i gul sone: Fredrikstad, Jerv, Levanger, Ranheim og Sandefjord.

Bryne får irettesettelse for å ikkje ha nådd sitt delmål i eigen handlingsplan, medan Ull/Kisa og Raufoss har blitt pålagt å lage handlingsplanar.

Norges Fotballforbund meiner samstundes at 2015 var eit bra år for norsk fotball. Til saman hadde topplaga den høgaste omsetninga nokon gong og gjekk med 140 millionar kroner i overskot.