Sunnmøre Fotballkrets skriv på sine nettsider at to spelarar fødde i 2000 frå kretsen er plukka ut til landslagssamling med G16-landslaget i Porsgrunn. Ein av dei er Hødd-spelaren Elias Flø, som mellom anna spelar for Hødd sitt andrelag. Han får no si første offisielle samling med landslaget.

Anders Waagan frå AaFK er den andre sunnmøringen som er teken ut i landslagstroppen.