- Dette var skuffande. Det er veldig leit å få mål i mot så tidleg i kampen som vi gjorde, det blei ein vanskeleg oppoverbakke å klatre for oss. Så vart vi nok for naive, vi undervurderte nok motstandaren litt, seier Robin Shroot.

Les også: - Ei god moglegheit vi ikkje tok vare på

Han har opna årets sesong fint, og er sett på som ei viktig brikke i Hødd-angrepet. Men det manglar litt i siste fasen av spelet til Hødd, avslutningsfasen. Det ser også Robin ganske klart.

- Det er frustrerande, for det er jo vi i angrepet som har ansvar for å skape sjansar og score mål. Når vi då har så mykje av spelet, men ikkje maktar å konvertere det til mål, så er det rett og slett ikkje godt nok. Vi gjer ikkje nok for å vinne denne kampen. Dei fekk eit mål på eit hjørnespark, men skapte lite utanom det. Vi må adressere dette, og jobbe knallhardt for å gjere det betre mot Raufoss.

- Alle gjer sitt beste

Også kaptein Joakim Wrele er klar på at spelet spesielt i avslutningsfasen må sitte langt betre mot Raufoss.

- Det handlar om å score mål. Det gjer det alltid i fotball. Vi har kontroll på kampen i store periodar og trykkjer på, men vi møter eit lag som er særs flinke til å leggje seg kompakte, seier Wrele.

Kapteinen meiner det på ingen måte skal stå på innsatsen til spelarane.

- Alle gir alt i kampen og gjer sitt beste. Det er elleve motstandarar vi møter, og akkurat slik det er no har vi ikkje dei siste marginane som skal til for å vere betre enn dei elleve. Vi er utruleg skuffa over at vi tapte, men det kjem ein ny kamp i neste veke. No må vi sjå framover og ta med oss dei gode prestasjonane frå denne kampen. Vi skal deppe i dag og i morgon, men så er det på'n igjen med trening i neste veke, seier Joakim Wrele.