Både Hødd og Fredrikstad var i poengnaud før oppgjeret på Fredrikstad Stadion. Fredrikstad hadde ikkje vunne heime i plankebyen på mange kampar, og var nok ekstra gira på å ta alle tre poenga i laurdagens oppgjer. Slik blei det også, etter at kampens store spelar, kanadiske John Adam Straith stanga inn det einaste målet i oppgjeret på klinisk vis, etter berre 13 minutt.

- Dette var ei god moglegheit til å ta poeng, som vi ikkje tok vare på, sa ein skuffa Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen på telefon frå Fredrikstad etter kampslutt.

Les også: - Blei ein vanskeleg oppoverbakke

Eriksen meiner Hødd leverte mykje godt spel, men at det svikta i avslutningane.

- Det er vanskeleg å setje ei krystallklar analayse sånn rett etter kamp, men det vi ser er at karane leverer mykje bra innhald i denne kampen. Om vi hadde fått ned stressnivået på den siste og nest siste pasninga kunne vi spelt oss til fleire sjansar. Det siste kvarteret, når kampen for alvor skal avgjerast, så meistrar vi heller ikkje den spenninga som er i kampen. Vi klarer ikkje vere samstemde, og sluttspurten blir ikkje så sterk som vi hadde tenkt. Vi brukar for lang tid med ball, og blir ståande og sjå etter løysingar framfor å kreere moglegheitene.

Tidleg mål

Hødd hadde ballen gjennom store delar av kampen, men gong på gong svikta det når det skulle avsluttast.

Forutan om målet, var ikkje Fredrikstad spesielt kvasse framføre kassa, men også dei lukkast i å få sendt nokre ballar mot mål.

Kampen var ikkje meir enn 13 minutt gammal då Fredrikstad fekk eit hjørnespark. Her var det svak markering på hjørnesparket, John Adam Straith raga høgast, og fekk pannebrasken på ballen. Han stanga ballen hardt i mål bak Hødd-keeper Jan-Lennart Urke, til 1-0.

Hødd lét seg ikkje knekke av målet, og heldt fram med å presse Fredrikstad bakover i bana. Hødd fekk til nokre halvgode avslutningar, men det blei ikkje fleire mål på Fredrikstad Stadion før pausen.

Fredrikstad heldt unna

Ein skulle trudd at Hødd ville køyrt på enormt frå start i andre omgang, men det blei liksom ikkje det heilt store. Igjen hadde Hødd ballen mykje, men dei gode avslutningane på mål mangla.

Den første store sjansen for Hødd var signert kaptein Joakim Wrele, som fekk avslutta frå skrått hald ikkje så langt inn i andre omgang, den første avslutninga på mål for Hødd i denne kampen.

Dette var hjørnesparka sin kamp. Begge lag fekk rundt tosifra av dei, men forsvararane og keeper gjorde oftast ein god jobb med å klarere vekk kula.

Mot slutten av omgangen jobba heimelaget knallhardt for å unngå å sleppe inn mål mot eit offansivt Hødd-lag. Det lukkast dei også med, for forutan nokre halvsjansar for dei blåkvite frå Ulsteinvik blei det med det eine målet til John Adam Straith.

- Vi jobbar med ein spelmodell. Og den prøvar vi å forbetre og justere heile vegen. Det er ikkje store ting som skal endrast på, men vi er inne i ein periode no der vi må jobbe ekstra godt med oss sjølve som ei gruppe. Berre slik kan vi prestere gjennom fulle kampar. Vi må tole å handtere situasjonane som kampane byr på. Det gjorde vi ikkje godt nok i dag, seier Hødd-trenar Eriksen til slutt.

- Vi har trua på Hansi

Hugues Wembangomo har hatt ein god start på sesongen sentralt i forsvaret til Hødd. Men mot Fredrikstad var det nettopp i forsvaret, på ein corner, at det svikta.

- Eg er sjølvsagt skuffa over at vi ikkje får med oss noko som helst frå Fredrikstad. Dei har nesten ikkje ballen, og scorar så på eit hjørnespark, der vi sjølvsagt burde hatt kontroll. Vi har som vanleg mykje ball, men det blir for mykje nesten i siste spelfasen. Vi har uansett ståltrua på Hansi, og det han lærer oss og gir oss, seier Wembangomo.

Tapet i plankebyen gjer at både Hødd og Fredrikstad, som har spelt ti kampar kvar, har åtte poeng kvar. Begge laga ligg under nedrykksstreken.

Kampfakta

Fredrikstad - Hødd 1-0 (1-0)

Fredrikstad Stadion

Tilskodarar: 3911

Dommar: Christian Moen, Løvenstad

Mål: 1-0 John Adam Straith (13)

Gult kort: Eirik Skaasheim, Hugues Wembangomo, Torbjørn Kallevåg (Hødd) Patrik Karoliussen, Håvard Åsheim (FFK)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Fredrik Sjølstad, Joakim Wrele, Øystein Vestvatn (Sereba, 76) - Eirik Ulland Andersen, Joachim Magnussen (Kallevåg, 76), Robin Shroot

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset Urke