Hødd stilte med dette laget mot Fredrikstad:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo, Eirik Skaasheim - Fredrik Sjølstad, Joakim Wrele, Øystein Vestvatn - Eirik Ulland Andersen, Joachim Magnussen, Robin Shroot

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Didrik Sereba, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset

Før kampen:

Det var ingen lysande prestasjon Hødd leverte i 1-0 sigeren heime mot Ull/Kisa, men dei tre poenga var svært viktige for dei blåkvite. No er målet å få med seg tre nye poeng borte mot Fredrikstad.

Før sesongen henta FFK inn både ny trenar og ei rekkje nye spelarar, men laget har ikkje fått det til å fungere, og ligg sist i Obos-ligaen med fem poeng etter ni kampar.  Men heller ikkje Hødd har henta nok poeng, og trenar Hans-Erik Eriksen ventar ein spanande og innhaldsrik kamp i Fredrikstad.

- Alle lag i Obos-ligaen kjenner nok på at poeng er viktige, men vi i Hødd og Fredrikstad har nok fått kjent litt ekstra på det i starten på sesongen.

Hødd møter eit lag som har fått lite til å stemme så langt, og som har tapt seks av dei første ni kampane og som leitar etter dei rette svara.

Er det vanskeleg å vite korleis FFK kjem til å angripe kampen?

- Både ja og nei. Dei har eit spel som dei prøvar å få til å virke. Det skal vi ha ok kontroll på, men for vår del handlar det i hovudsak om oss sjølve. Vi må fungere betre enn vi har gjort totalt sett til no. Vi har hatt bra perioder i kampar, men vi må bli betre.

For mange rokkeringar

Dei tre poenga heime mot Ull/Kisa var viktige, men Eriksen var ikkje nøgd med alt Hødd leverte.

- Men den kampen gav oss ein del tvungne byter, dei blei for mykje rokkeringar. Dermed hengte vi ikkje heilt saman som lag, seier Eriksen, som meiner det var ei av dei viktigaste årsakene til at Hødd gav frå seg mykje av initiativet mot Ull/Kisa.

Les også: Må klare seg utan Myklebust

Sundag starta både Robin Shroot og Joachim Magnussen for eit Hødd-lag som på papiret har lagt litt om på formasjonen frå tidlegare kampar.

Hans-Erik Eriksen seier ein ønskjer å sjå etter andre rom å angripe i.

- Det handlar om å få spelarar litt tettare på kvarandre i viktige område av banen, men fundamentet og prinsippa for spelet er det same som det har vore, seier Hødd-trenaren.

Då laga møttest i Fredrikstad sist sesong var det Hødd som trekte lengste strået. Heimelaget tok leiinga allereie i kampens første minutt, men Hødd kom tilbake og scora først ved Magnus Myklebust, før Steffen Moltu avgjorde kampen midtvegs i den andre omgangen.

Kampstart laurdag er 15.30. Få med deg dei viktigaste hendingane gjennom våre direkteoppdateringar på Vikebladet.no.