Heile tre ballar måtte Hødd-keeper Julie Beitveit plukke ut av målet i oppgjeret mot Træff/Gossen.

- Det er sjølvsagt ikkje kjekt å tape på heimebane. Men, vi var ikkje noko dårlegare enn gjestane i denne kampen. Det som skil oss er at dei scorar mål, medan vi ikkje gjer det. Vi har uansett mykje å jobbe med, sa ein skuffa Hødd-trenar til Vikebladet Vestposten etter kampen.

Låg under etter tjue minutt

Hødd-damene opna kampen best, og hadde ballen mest. Men, det var Træff/Gossen som opna med den første store, store målsjansen. Berre stolpen hindra scoring for gjestane etter fire minutt, då Kristine Sætre spelte seg ned mot dødlinja, og fekk avslutta forbi Hødd-keeper Julie Beitveit. Keeperen var sjanselaus, men heldigvis trefte ballen metallet, og blei klarert vekk av forsvaret.

Marte Aasland Vik gjekk på eit flott sololøp etter rundt kvarteret spelt, og fekk avslutta frå like utanfor seksten. Ballen gjekk hardt langs bakken, men diverre til side for mål.

Etter 20 minutt skulle det derimot bli gjestane som sette inn kampen sitt første mål. Sara Fornes blei spelt fram, og kunne tuppe ballen forbi Beitveit, som kom rusande ut. Ballen trilla i mål, og gjestane kunne juble for tidleg leiing.

Træff/Gossen har ballen mest, og Hødd har meir enn nok med å forsvare seg. Etter 25 minutt blei Hødd-angripar Ine Sleipnes spelt gjennom, og sjølv om ho sette ballen mellom beina på keeper, lukkast ho ikkje setje den i mål.

Etter 38 minutt dobla Træff leiinga. Kristine Sætre blei spelt gjennom , og dundra ballen forbi Beitveit i Hødd-målet til 0-2. Like etter kunne Marte Aarsand Vik redusert for Hødd, men skaut i staden over mål.

Plussa på endå eit mål

I andre halvdel av kampen heldt Træff fram med å ha grei kontroll, sjølv om Hødd fekk føre ballen ein del dei også. Hødd kom til fleire heilt greie sjansar, men ingen av dei blei omsette til mål. Hødd heva seg etter pausen, men det

Træff heldt nesten på å setje ein corner i mål etter 71 minutt, men ballen strauk tverrliggaren og gjekk ut. Like etter var Træff-keeperen på ein skikkeleg bærtur, langt ut i feltet, men heldigvis for Træff/Gossen fekk ho klarert unna før det blei verkeleg farleg. Alida Hagset var like ved å sende Træff opp i endå større leiing, men Julie Beitveit var raskt nede og plukka ballen.

Med fem minutt igjen på kampuret blei det definitivt klart at Træff/Gossen kunne reise heim med tre poeng i bagasjen. Alida Hagset var igjen på farta, og åleine med keeper Beitveit gjorde ho ingen feil. Ho trilla ballen forbi sisteskansen, til stor jubel frå dei tilreisande Træff/Gossen-tilhengarane.

Det enda med 0-3 og tap heime på Høddvoll for Hødd.