Måndag kveld spelte Hødd 2 mot Rollon i 3. Divisjon. Hødd 2 stilte med eit ungt lag og fekk det tøft mot eit godt organisert og hardtspelande Rollon. Trenar Sindre Eid tykte dei burde vunne med fleire mål.

- Det var høg temperatur på bana i dag men eg synes vi vinn fortent. Me styrer kampen i 90 minutt og vi skapar vel nesten 20 målsjansar. Vi burde vunne denne kampen her med mange mål, men vi manglar litt på den siste tredjedelen for å score fleire mål i dag.

Høg temperatur

Både på og utanfor bana var temperaturen høg. Berre fem minutt ut i kampen vart det ein disputt mellom ein Høddsupporter og ein Rollonsupporter, då Høddsupporteren meinte at Rollonsupporteren var litt for høglydt og meiningssterk der han stod på langsida.

På bana førte den høge intensiteten til at fleire spelarar fekk seg ein smell. Vegard Heltne måtte gå av bana i fyrste omgang etter eit spark i leggen.

- Me håpar det berre var eit spark han fekk i leggen, så det ikkje var ein strekk, sa trenar Sindre Eid etter kampen.

Mot slutten av kampen vart det nok ei skade på ein Høddspelar. Sivert Pieroth i Høddmålet braut mest sannsynleg fingeren i ein duell ute i 16-meteren.

Hødd best

Fyrste omgang starte åtte minutt etter planlagt kampstart då Rollon måtte byte strømper før dei fekk lov å gå ut på bana av dommaren. Det fyrste kvarteret vart styrt av Hødd, og med ei stor sjanse til Isak Haanes der han dreg vekk ein forsvarar og kjem seg fri fem meter framom Rollonmålet, burde Hødd 2 kanskje leia allereie då.   Men slik vart det altså ikkje. Rollon spelte tøft og var godt organisert. Og med ein god keeper som hadde fleire viktige redningar var stillinga til pause 0-0 sjølv om Hødd 2 hadde styrt det meste av spelet.

Meir vekslande i 2 omgang

Andre omgang startar med hjartet i halsen for Hødd 2. Allereie i fyrste speleminutt av andre omgang oppstår ein snedig situasjon framom Høddmålet. Eit lavt innlegg skal klarerast av kaptein Tørnqvist, men han bankar den mot sitt eige mål. Pieroth følger heldigvis godt med og held ballen i fast grep.

Utover i andre omgang var Rollon frampå fleire gonger og kom til halvsjansar. Men det var Hødd 2 som kom til dei største sjansane, men dei greidde ikkje å score på ein god Mathisen i Rollon sitt mål. Høddspelar Isak Haanes var god i andre omgang og kunne scora både ein, to og tre gonger.

Rise avgjorde

Mot slutten av kampen var det Hødd som styrte alt spelet og det var til slutt ein daudball som skulle avgjere.

Hødd 2 fekk eit frispark ute på sin venstre kant, ca 25 meter frå mål. Frisparket vart teke av Bendik Rise og det gjekk høgt og inn i farleg område like framom målet til Rollon. Men ingen var borti ballen før han låg inne i nettet bak Mathisen i Rollonmålet.

Skulle ha avgjord tidlegare

Trenar Sindre Eid tykkjer dei burde avgjord kampen tidlegare.

- Vi veit kva vi får når vi møter Rollon. Det er mange duellar og dei er eit godt organisert lag, men eg synes vi handtera kampen veldig bra. Det er sjølvsagt eit minus at me ikkje drep kampen tidlegare slik at vi kunne fått ein komfortabel siger, sa trenar Sindre Eid.

Kampfakta:

Hødd 2 1 – 0 Rollon (0 – 0)

29 min: Byte Hødd: Ut Vegard Heltne. Inn Karls Bringsvor.

42 min: Byte Hødd: Ut: Daniel Haanes. Inn Wachirawut Phudithip.

79 min: Gult kort Eirik Saunes

80 min: Byte Hødd. Ut: Isak Haanes. Inn: Gustav Dimmen

86 min: Gult kort Aleksander Steffensen, Rollon.

88 min: 1-0 Bendik Rise.

90 min: Byte Hødd: Ut: Sivert Pieroth. Inn: Ståle Remøy Pettersen

3 divisjon menn avdeling 08.

Dommer: Torgeir Halsen, Åram/Van.kam FK

Assistentdommarar: Kristian Melset, Sykkylven IL og Haakon Javier Tronstad, Spjelkavik IL.

Tilskodarar: ca 70.

Hødd: Sivert Pieroth, Martin Mork Breivik, Daniel Eid, Jesper Tørnqvist, Vegard Heltne - Sveinung Tilseth Sæterås, Daniel Haanes, Eirik F. Saunes, Bendik Rise, Bendik Dybdal Torset, Isak Haanes

Innbytarar:

Ståle Remøy Pettersen, Gustav Dimmen, Wachirawut Phudithip, Karl Bringsvor