Det går slag i slag for Karsten Warholm framover. Til helga er det elitestemne i Florø, før friidrettstalentet skal til Bislett Games seinare i juni. Denne helga sesongdebuterte Warholm utandørs, under Romeriksleikane på Lillestrøm.

Og det gjekk fort frå start frå Warholm. I forsøket på 100 meter sette han ny personleg rekord, og ny kretsrekord, med tida 10,52. Det var den klart beste tida i konkurransen. Dimna-løparen Henrik Overvåg leverte også bra i forsøksheatet og kom i mål på tida 10,83.

I finalen sprang Warholm inn til ei ny bestetid, men denne gongen tre hundredelar bak sin nye personlege rekord. Vinnartida vart dermed 10,55. Henrik Overvåg tok ein femteplass i finalen med tida 10,92.

Henrik Overvåg sprang inn til 10,83 under Romeriksleikane på Lillestrøm.