Hasundgot sitt første poengtap for sesongen kom heime mot Sæbø sist veke, men etter dei fire første kampane i 6.-divisjon avdeling 1 har Hasundgot framleis til gode å tape. Måndag vart det tre nye poeng borte mot Tjørvåg.

Lars-Henrik Hasund sikra 0-1 etter ein corner, men Tjørvåg kom tilbake og fekk utlikna til 1-1 ved Marius Sporstøl.

Halvor Mjøen Berg scora tre mål i 3-3 kampen mot Sæbø, og vart løna med startplass på Tjørvåg stadion. Mjøen Berg scora sitt fjerde mål på to kampar like før pause, og sikra dermed at Hasundgot var tilbake i leiinga før sidebyte.

Og etter kvilen tok det ikkje lange tida før Hasundgot auka leiinga til 1-3. Denne gongen var det Georg Eikrem Olsen som sørga for scoringa.

Hasundgot hadde bra kontroll på resten av kampen, og sikra seg ein ny og fortent trepoengar.

Hasundgot har fått ein svært bra start på sesongen, og ser ut til å ha løfta seg mange hakk sidan i vinter. Då vann nemleg Tjørvåg heile 6-1 i ein treningskamp mellom laga.

Laget toppar no avdelinga, tre poeng framom Sæbø.