Hødd-backen Vegard Heltne har vore svært uheldig med skader, og har gått glipp av så godt som heile oppkøyringa, samt sesongstarten med Hødd. Måndag var han endeleg tilbake på bana for Hødd 2, men dessverre varte comebacket berre i 29 minutt.

Det var nok mange, Heltne inkludert, som frykta det verste då backen blei takla seint etter å ha slått eit innlegg. Heltne blei liggande etter taklinga, og sjølv om han etter kvart kom seg på beina, var det ikkje mogleg å spele vidare.

Tysdag kan heldigvis Heltne stadfeste at det ikkje skal vere snakk om ei ny langvarig skade.

- Det er berre ei skikkeleg bløding i leggen. Men der og då krampa det seg heilt, og det var ikkje sjans å spele vidare. Det kjendest som ei kraftig lårhøne, berre i leggen. Men eg er glad for at han berre trefte muskelen, og at det ikkje gjekk ut over bein eller ankelen, fortel backen.

I ettertid er Heltne mest irritert over at han ikkje fekk spelt meir av kampen.

- Eg kjende i løpet av dei minutta eg spelte at eg treng meir speletrening. Det er lenge sidan eg spelte sist og det tek litt tid å kome tilbake.

Grunna smellen mot Rollon, må Heltne stå over nokre treningar denne veka, men han håpar å vere tilbake for Hødd 2 til bortekampen mot Bergsøy komande måndag.

Les også: Høg temperatur då Hødd 2 vann