Karsten Warholm leverte på første forsøk då han sette ny norsk rekord på 400 meter hekk under Florø Friidrettsfestival laurdag. Løpet var ikkje perfekt, men med 49,62 ved målpassering sletta han den gamle norske rekorden med 33/100.

Warholm får ikkje tid til å dvele så lenge ved den sterke prestasjonen. Allereie torsdag står nye utfordringar for tur. Då under Diamond League-stemnet Bislett Games.

- Når ein gjer slike ting så sjeldan så skal det mykje til å få fullklaff frå start, men det er artig å ha nokre ting å arbeide vidare med også, og ting å jobbe med allereie fram til torsdagen. Eg hadde kanskje meir igjen på oppløpet enn eg burde hatt, seier Warholm, som fekk løpet til å flyte godt fram til dei to siste hekkane i Florø, men då vart det meir uryddig.

Vil utnytte manglande erfaring

I forhold til mange av konkurrentane på langhekken er Warholm som nybyrjar å rekne.

- Dei har gjerne nokre hundre løp meir enn meg på distansen, trur Warholm.

Men det har han tenkt å utnytte til sin fordel.

- Eg må prøve å vere audmjuk ovanfor det at eg møter eit sterkt felt, men likevel ikkje vise overdriven respekt. Eg kan å springe hekk og eg kan å springe 400 meter, no kan eg også til ei viss grad kombinasjonen. Eg trur eg har mykje meir å gå på, men eg må utnytte at eg er uerfaren. Bruke det til å vere litt uredd. Ein må vere offensiv. Det er den einaste rette tilnærminga.

Og om ein uredd Warholm får ting til å klaffe på Bislett, så kan kanskje den ferske norgesrekorden få eit kort liv.

- Det blir feil å seie at det ikkje er realistisk å presse ned tida endå litt meir, men det skal gjerast også. Samstundes hadde eg ikkje stilt om eg ikkje meinte eg hadde meir å kome med.

Ønskjer å vere offensiv

20-åringen har delteke under Bislett Games tidlegare, og seier ramma ligg svært godt til rette for å levere gode tider.

- Mykje publikum, litt press og litt nervøsitet. Alt som skal til for å få fram ein god prestasjon.

Warholm seier målet før løpet på Bislett er å få ei gjennomføring han er nøgd med.

- Eg må først og fremst prøve å stabilisere meg på denne øvinga.

Men sidan Warholm meinte han hadde meir å gå på i Florø, så kan det tenkast at han vil trykke endå meir til i Oslo.

- Eg vil nok prøve å vere endå litt meir offensiv. Ulempa kan vere at ein kan kome ut av rytma, det kan gå begge vegar. Det er der det at eg er litt uerfaren spelar inn. Dersom det ikkje går, så går ikkje det. Men eg tenkjer at eg ikkje skal planlegge for det. Eg ønskjer å vere offensiv.