Med ein stor delegasjon frå Dimna IL på tribunene før Tyrvingleikane på Nadderud, skal tre utøvarar frå Dimna IL i aksjon på Bislett under Bislett Games torsdag.

Karsten Warholm får mest merksemd av dei tre, sidan han skal i aksjon under Diamond League-stemnet på kvelden.

Men også sprinter Henrik Overvåg og mangekjemparen Toralv Opsal skal vise seg fram i Dimna-fargar. Begge har fått startplass i forøvingane, som går tidlegare på kvelden. Og medan mange av verdas beste friidrettsutøvarar er med under Diamond League-konkurransen, får også dei to Dimna-utøvarane bryne seg på svært tøffe motstandarar.

Henrik Overvåg skal i aksjon på 200 meter, medan Toralv Opsal skal springe 400 meter. På denne distansen sette han ny personleg rekord med 48,93 under Florø Friidrettsfestival.